Behandling, TAVI
Transkateter Aorta Ventil Implantasjon
Ein trong aortaklaff (aortastenose) fører til overbelasting av hjartet. Transkateter Aorta Ventil Implantasjon (TAVI) går ut på å sette ein ny klaff inn i hjartet ved bruk av kateter via ei større arterie. Hensikta med behandlinga er å betre helsetilstanden din, slik at du kan gjenoppta eit aktivt liv med betre livskvalitet.Introduksjon
Denne behandlinga er eit tilbod til pasientar med auka risiko ved tradisjonell open klaffekirurgi. Dette gjeld til dømes eldre pasientar, dei som tidlegare har gjennomgått hjartekirurgi, tidlegare strålebehandling, dei som har kalk i hovudpulsåra, alvorleg lungesjukdom og liknande.
Denne nettsida inneheld viktig informasjon. For å førebu deg på kva som ventar deg under opphaldet hos oss, ønskjer vi at du les dette før du blir innlagd. Informasjonen er laga for å førebu deg til inngrepet, hjelpe deg gjennom den første tida etter inngrepet, og rekonvalesensperioden. Du vil bli ringd opp av ein sjukepleiar før inngrepet. Då kan du stille spørsmål dersom det er noko du lurer på.
Vi anbefaler også pårørande å lese denne informasjonen. Det er opp til kvar enkelt om ein vil ha med pårørande når ein får informasjon. Dersom du har redusert høyrsel eller korttidshukommelse, kan pårørande bidra til auka tryggleik under samtalane.
Før
Viktige førebuingar før innlegging
Medisinar
- Du skal vanlegvis bruke dei faste medisinane dine fram til du blir innlagd. Det gjeld også Albyl-E, Plavix (Clopidogrel), Brilique eller Efient.
- Dei som brukar Marevan skal slutte å ta desse 3 dagar før innlegging.
- Pradaxa, Xarelto og Eliquis skal du slutte med 2 dagar før innlegging. • Ta med deg dine faste medisinar, ei liste over dei, og eventuelle vitaminer/kosttilskot.
Ved innlegging på ein fredag
- Du skal vanlegvis bruke dei faste medisinane dine fram til du blir innlagt. Det gjeld også Albyl-E, Plavix (Clopidogrel), Brilique eller Efient.
- Dei som brukar Marevan skal slutte med den frå og med torsdag.
- Pradaxa, Xarelto og Eliquis skal du slutte med frå og med fredag.

Dagen du blir innlagd
Stad
- Du skal gå til Laboratorium for klinisk biokjemi, 2. etasje i Sentralblokka for å ta blodprøve.
- Etterpå tar du heisen til 6. etasje til Hjarteavdeling post 4 og melder deg i skranken.
Sjølve inngrepet er dagen etter innlegging, men dersom du blir lagt inn fredag er inngrepet på måndag.
Vi organiserer vidare førebuingar og undersøkingar du skal gjennom. Du kan rekne med ein del ventetid. Ta gjerne med lesestoff, handarbeid, nettbrett eller liknande. Det er gratis trådlaust internett på sjukehuset.
Operasjonsdagen
Dersom du er nummer ein på operasjonsprogrammet, blir du vekt klokka 06.00. Ein sjukepleiar vil legge til rette for at du får dusje og tar nokre observasjonar lik dei dagen før. Klokka 07.45 køyrer ein sjukepleiar deg i seng til operasjonsavdelinga i 2. etasje. Dersom du er nummer to på operasjonsprogrammet vil alt starte litt seinare, og du blir køyrd ned mellom klokka 10.00 og 11.00. På operasjonsstova blir du tatt imot av sjukepleiarar som gjer deg klar til inngrepet. Inngrepet varer omlag 1,5 timer inkludert førebuing.
Under
Medisinsk utstyr og overvaking ved klaffimplantasjon
Anestesilegen legg inn eit venekateter og ei leidning til ein mellombels pacemaker på halsen din. Pacemakeren blir av og til brukt under operasjonen. For sikkerheits skuld blir pacemakeren liggande nokre dagar etter inngrepet. Det er fordi den nye klaffen kan trykke på leidningssystemet i hjartet, og da vil hjartet trenge hjelp av pacemakeren.
Dette kan vere forbigåande, men hos enkelte kan det bli nødvendig med ein permanent pacemaker. Vi overvaker hjarterytmen din til den er stabil. Overvakinga skjer ved bruk av elektrodar festa til brystkassa (telemetri). Nokre kan oppleva at utstyret er forstyrrande, men det er nødvendig for ei trygg og forsvarleg overvaking. Medisinsk utstyr blir fjerna så tidleg som mogleg. Dei andre leidningane blir verande til hjarterytmen er avklart.

Bilde viser ein pasient som er oppe å går med mellombels pacemaker og telemetriovervaking.
Sengeleie
For å unngå bløding må du ligge på rygg i om lag 2 timar etterpå. Ein sjeldan gang bruker vi
Femostop over snitta i begge lyskene. Ein Femostop består av plastkoppar med trykk mot lyskene som gradvis blir trappa ned
Daglege observasjoner
Blodtrykk, blodprøveverdiar, puls, temperatur, EKG og vekt blir målt kvar dag fram til utreise. Under opphaldet blir hjartefunksjon kontrollert ved hjelp av ultralyd.