Urinprøve
Ei urinprøve kan gi nyttig informasjon om ei rekke ulike tilstandar. For at prøven skal gi eit best mogeleg bilde av ein eventuell sjukdom, må den vere så nøyaktig og rein som mogleg.
For å unngå forureina urinprøve anbefalar vi vanlegvis at den blir tatt som midtstråleprøve. Med midtstråleprøve meinar vi at prøven blir tatt midt i urineringa ved å føre beholdaren inn i urinstrålen. Du skal ikkje avbryta urinerina mens prøven blir teken.
Før
NB: For seksuelt overførbare sjukdommer som Chlamydia trachomatis, Neisseria gonorrhoeae og Mycoplasma genitalium skal urinprøven være fra første urinporsjon. Egne regler gjeld også for samleurin/døgnurin.
Du skal bruke egna og rein prøvebehaldar for urinprøvetaking som du bl.a. får kjøpt på apoteket (sjå bilde). Urinen bør ha stått i blæra i minimum 4 timar for å gi eit representativt bilde av urinprøven. Morgonurin gir det mest pålitelige resultatet i dei fleste tilfelle.
Under
Prøvetaking av midtstråleurin
Midtstråleurin er standardmetode for taking av urin hos pasientar som har kontroll på vasslatinga, og som kan samarbeide om prøvetakinga. Den midtre porsjonen av urinen, er mest representativ for blæreurin.- Vask rundt urinrørsåpningen med reint vatn/klut.
Hos sengeliggande eller inkontinente kvinner skal også kjønnet vaskast. Ved utflod eller blødning bør vaginalåpninga lukkast med ein kompress eller tampong. - Ta urinprøven på følgande måte:
Kvinner: Hald kjønnsleppene godt frå kvarandre før urinprøven takast.
Menn: Trekk forhuda tilbake før urinprøven takast. - La fyrste del av urinstrålen gå i toalettet, deretter samle urin i prøvebehaldaren, ca 2/3 fullt, og la siste urinstråle gå i toalettet.
Etter
Merk behaldaren med: fullt namn, fødsels- og personnummer og dato/klokkeslett for prøvetakinga.
Det er er anbefalt at urinprøver vert analysert så raskt som mogeleg etter prøvetaking og blir levert same dag som den er tatt. Prøver som skal transporterast til laboratoriet må være godt lukka og reine på utsida av røyret. Prøverør eller behalder bør transporteras i ein plastpose for å unngå søl.
Oppbevar prøvebehaldaren kjøleg inntil den blir leverte til lege eller poliklinikk for å hindre oppvekst av bakteriar og nedbryting av komponentar.
Urinprøver til analysering av bilirubin og porfyriner skal beskyttast mot lys.