Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Spreiing av B4DT

B4DT i Australia

Behandlarar frå klinikken i Bergen deltok i opplæring ved Melbourne Clinic. 

Bergen Center for Brain Plasticity
Publisert 28.05.2025
Sist oppdatert 02.06.2025

Behandlarar frå klinikken i Bergen reiste til Australia for å delta i opplæring av behandlarar ved Melbourne Clinic.

Tilbakemeldinga frå behandlarane var at metoden vår er spennande, engasjerande og effektiv.

Pasientane som fekk B4DT under opplæringsperioden var òg svært nøgde, og meinte mellom anna at behandlingsmetoden gav dei støtte og at liva deira endra seg.

Det er ønskjeleg å samarbeide vidare med klinikken i Melbourne. Saman vil vi arbeide for at B4DT blir tilbydd som behandling i det australske helsevesenet.

Takk til Kavli som gjer dette spennande og viktige arbeidet mogleg!