Spreiing av B4DT

B4DT i Quito, Ecuador

«Samarbeid med fagmiljø i Quito, ved det som blir rekna som Ecuadors beste universitet – Universidad San Francisco de Quito (USFQ).»

Publisert 27.05.2025
Sist oppdatert 02.06.2025

Målet vårt er å hjelpe fleire som får liva sine styrte av angst og tvang (OCD).

I dette arbeidet er det behov for ein dugnad som strekkjer seg over både synlege og usynlege grenser.

Denne gongen gjekk turen til Quito i Ecuador, der vi arrangerte konferanse og opplæring av behandlarar frå ti ulike land – frå Chile i sør til Mexico i nord.

Arbeidet vårt spreier seg som ringar i vatn og gir moglegheiter for samarbeid, slik at vi kan nå fleire menneske som treng hjelp. Dette gir òg rom for spennande fagutvikling og forsking.

Takk til Kavli som gjer det mogleg for oss å søkje samarbeid, uansett kvar i verda potensielle samarbeidspartnarar held til, slik at vi kan arbeide for å sikre at gode løysingar faktisk når fram til dei som treng det.