Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Genetiske markørar for OCD eller angstlidinga

Sjølv om vi ikkje veit nøyaktig kvifor nokre menneske utviklar OCD eller angstlidingar, viser tidlegare forsking at både arvelege faktorar og miljøet spelar ei rolle.

Sjølv om vi ikkje veit nøyaktig kvifor nokre menneske utviklar OCD eller angstlidingar, viser tidlegare forsking at både arvelege faktorar og miljøet spelar ei rolle.

Alle pasientar som blir behandla ved BCBP eller ein av dei andre klinikkane som tilbyr 4-dagars behandling i Noreg, får tilbod om å bidra til eit forskingsprosjekt for å studere genetiske markørar ved desse tilstandane. Pasientane leverer ei spyttprøve, vi reinsar DNA frå denne prøva, og prøvene blir lagra i ein biobank ved Haukeland Universitetssjukehus.DNA-prøvene blir deretter analyserte ved hjelp av genotyping og sekvensering.

Det umiddelbare føremålet med forskinga er å finne genetiske markørar for OCD og angstlidingar, påvise markørar for behandlingsrespons og undersøkje om det finst biologiske undergrupper av tilstandane.

Slik kunnskap kan seinare gjere det mogleg å utvikle meir målretta psykologisk eller medikamentell behandling.

Ettersom Noreg har eit avgrensa tal pasientar med desse tilstandane, samarbeider vi med andre land (særleg Sverige, Danmark og USA) for å få større tal prøver i analysane.

Nokre av resultata er allereie publiserte og vil bli nærare omtalt på våre nettsider.

 

Sist oppdatert 28.05.2025