Etablere ein biobank eller prosjekt
God organisering, gjennomføring og eit dekkande informasjons- og samtykkjeskjema er avgjerande for ein vellykka biobank. Dette krev eit godt samarbeid mellom alle involverte partar slik at ein får ein straumlinjeforma prosess.

Godkjenning frå REK
I tråd med Helseforskningslova må alle medisinske og helsefaglege forskingsprosjekt og forskingsbiobankar godkjennast på førehand av den regionale komiteen for medisinsk og helsefagleg forskingsetikk (REK). REK vurderer om prosjektet er forsvarleg og etisk gjennomført.
Samtykke, informasjon og rettar til deltakaren
Hovudregelen er at alle som skal vere med i medisinsk eller helsefagleg forsking må gi samtykke. Samtykket skal vere informert, frivillig, tydeleg og dokumenterbart. Samtidig skal deltakarane få eit informasjonsskriv som forklarer formålet med prosjektet, retten til å trekke seg, og korleis personopplysningar blir lagra.
Helse Bergen og Universitetet i Bergen (UiB) har laga rutinar og malar for informasjonsbrev og samtykke som skal følgjast når Helse Bergen HF eller UiB er ansvarleg for forskinga.
https://helse-bergen.no/fag-og-forsking/forsking/forskingsrutinar/
Ein biobank kan vere anten generell eller spesifikk. Generelle forskingsbiobankar byggjer på eit breitt samtykke, og det innsamla biologiske materialet kan brukast i fleire ulike prosjekt. Kvart enkelt prosjekt som brukar materiale frå ein generell biobank må ha godkjenning frå REK.
Prosjektsamarbeid med Laboratorieklinikken og Biobank Haukeland
Biobank Haukeland er ei eiga eining under Laboratorieklinikken (LK). Alle som vil bruke Biobanken og/eller laboratorietenestene i LK må sende inn ein søknad om prosjektsamarbeid.
Forsking og prosjektsamarbeid - Helse Bergen HF
For å bruke Biobank Haukeland og laboratorietenestene ved Laboratorieklinikken (LK), må forskarar sende inn ein søknad om prosjektsamarbeid. Prosjektkoordinatoren tek imot søknaden og utarbeider pristilbod og avtale i samarbeid med relevante avdelingar. Koordinatoren og Biobank Haukeland legg til rette for praktiske rutinar gjennom heile prosjektet.
Ved bruk av biobanken sine lagringsfasilitetar må det inngåast ein eigen lagringsavtale. Denne skal innehalde namn på forskingsansvarleg representant, prosjektleiar og biobankansvarleg. Avtalen skal også ha vedlegg som REK-godkjenning, kostnadsoverslag og eventuelle andre tenester og plikter som er avtalt mellom Biobank Haukeland og prosjektet.