Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

LabVantage

LabVantage Biobank - Sporingssystem for forskningsprøver

LabVantage er ei digital løysing for sporing og dokumentasjon av forskingsprøver, kjøpt inn av Helse Vest for bruk i regionens forskingsbiobankar. Systemet gjer det mogleg å opprette biobankar med definerte protokollar for prøvehandsaming. I tillegg kan ein registrere både studiespesifikke og generelle parameter når prøver blir lagt inn.

En person i en hvit frakk i et laboratorium
Bioingeniør foran PC

LabVantage følgjer prøva frå innsamling til bruk, inkludert plassering i fysiske lagringseiningar som boksar og frysarar. Dette sikrar høg kvalitet på dokumentasjon og sporbarheit gjennom heile livsløpet til prøva. Donorinformasjon kan registrerast anten via fødselsnummer – med automatisk oppslag mot Folkeregisteret – eller ved bruk av studiespesifikke koblingsnøklar. Det er tilrådd at studiar med innsamling utanfor Helse Vest brukar koblingsnøklar og registrerer desse i eigne Excel-ark.

LabVantage er tilgangsstyrt, noko som betyr at ein berre har tilgang til dei biobankane ein sjølv er involvert i.

 

Biobank Haukeland har etablert eit heilskapleg og automatisert system der LabVantage er integrert med andre system og utstyr:

  • Laboratorieinformasjonssystemet (LIS) ved Haukeland universitetssjukehus
  • Pipetteringsrobot for alikvotering av prøvemateriale
  • Hamilton BiOS for automatisert fryselagring

Denne integrasjonen sikrar effektiv og kvalitetssikra handsaming av biobankprøver til forskingsføremål.

Oppretting av nye biobankar og tilhøyrande protokollar i LabVantage skjer i samarbeid med systemansvarlege i dei ulike helseregionane.

 

Sist oppdatert 02.06.2025