Eit analyse- eller forskingsresultat kan aldri bli betre enn kvaliteten på prøvematerialet. Kvaliteten på ein biobankprøve er avhengig av forhold som omhandlar pasienten, prøvetaking, prøvemateriale, prøvehandtering, transport, og lagring av prøven. Desse forholda blir kalla pre-analytiske faktorar. Dersom det skjer feil med den pre-analytiske prøvehandteringa, kan dette påverke resultata i analysane. (Ellervik C, Vaught J, Clinical Chemestry 61:7, 914-934 (2015)).
Biologiske faktorar
Før ein startar å samle inn biologisk materiale bør ein tenkje over om det er nokon forhold rundt pasientførebuinga som kan påverke resultatet, eksempelvis fysisk aktivitet, fysisk og psykisk stress, bruk av medikament, inntak av mat eller drikke og tidspunkt for prøvetaking.
Val av biologisk materiale
For å velje biologisk materiale er det fleire faktorar ein bør ta omsyn til:
Vel materiale som er eigna til formålet til
forskingsprosjektet
Vurder om det skal bli tatt fleire typar materiale frå same givar og/eller samle materiale frå givar på fleire tidspunkt.
Vel materiale og tilsettingar i prøverøyr som tilfredstillar dei analysane ein skal utføre.
I prospektive studiar bør ein velje materiale og eventuelle tilsettingar i røyr som ikkje avgrensar framtidige analysar.
Blod er enkelt å samle inn, krev lite førebuing og er stort sett utan risiko for donoren. Ein kan separere blodet i fleire ulike komponentar alt etter korleis ein behandlar materialet.
Serum Ein blodprøve som koagulerer utan tilsetting av antikoagulasjonsmiddel, vil etter sentrifugering bli separert i ulike lag. Serum ligg over eit lag med koagel som består av røde- og kvite blodceller, plater og fibrin.
Plasma Eit blodprøverøyr med eit antikoagulasjonsmiddel (EDTA, citrat, heparin) vil etter sentrifugering gje tre ulike lag. Øvst ligg plasma over eit tynt lag med buffy coat (sjå under), nedst ligg eit lag med røde blodceller.
Buffy coat Laget mellom dei raude blodcellene og plasma heiter buffy coat og inneheld for det meste kvite blodceller og blodplater. Buffy coat kan blir nytta for å isolere DNA.
Urin oppfattast ofte som eit avfallsstoff, men kan gje mykje informasjon om pasientens helsetilstand. I tillegg er det enkelt å samle, gjev lite ubehag for pasienten, og innsamlinga kan bli utført heime. I dag er screeninganalysar med urinstrimmel, mikroskopi og bakteriologiske undersøkingar mest vanleg. Ein kan også utføre endokrine, biokjemiske, molekylærbiologiske, rus- og dopingundersøkingar i urin. Urin kan ein samle inn på fleire måtar, for eksempel døgnurin, morgonurin. Nedstraumsanalysar avgjer om det er anbefalt å sentrifugere urinen før lagring. For proteomikk og metabolomikk er det anbefalt med ei lett sentrifugering.
Fordelen med ein spyttprøve er at den er enkel å ta, har låg kostnad og er lett tilgjengeleg. Spyttprøven kan bli brukt i situasjonar der det er vanskeleg å ta ein blodprøve. Spytt kan erstatte blod i fleire analysar, som for eksempel omics studiar og ekstraksjon av DNA. Det blir anbefalt å ta ein spyttprøve om lag 2 timar etter at ein har ete og drukke. Nedstraumsanalysar avgjer om prøven skal på is, i romtemperatur, tilsatt protease hemmarar og sentrifugerast eller ikkje.
Ein avføringsprøve kan vise om det er blod, bakteriar, virus eller parasittar i avføringa. Mange forskingsprosjekt har i den siste tida samla feces for å analysere mikrobiomet i tarmen. Forsking har i dei seinare åra kome fram til at tarmfloraen har stor innverknad på helse. Det brukast i dag fleire ulike protokollar for behandling av feces. I nokre prosjekt samlar ein inn heile bitar av feces, mens andre fortynnar den i ei væske som gjer DNA/RNA i materialet stabilt.
Tapping av spinalvæske blir utført ved mistanke om sjukdom i sentralnervesystemet. Når ein gjer innsamling til biobank er det viktig at ein samlar inn lik mengde (mL) frå kvar pasient. Grunnen til dette er rosto-caudal gradienten som gjer at samansetninga av komponentar i spinalvæska er ulik avhengig av kor stort volum som blir tappa. Det er også viktig at tappinga skjer på same tid på døgnet, på grunn av at samansetninga av spinalvæske varierer i løpet av døgnet.
Vevsprøvar vil som regel bli tatt saman med diagnostikk
og/eller behandling. Ofte kan det bli tatt litt meir enn det som er nødvendig
til diagnostikk og dette kan bli brukt til forsking.
Det er viktig at materialet blir frose ned så
raskt som mogleg, helst ved hjelp av flytande nitrogen.
Prøvebehandling
Korleis dei ulike prøvane blir vidare behandla er avhengig av typen biologisk materiale og formålet med forskinga. Generelt blir dei fleste materiala alikvotert i mindre einingar (alikvoter) ved hjelp av ein fordelingsrobot. For å unngå fleire fryse-/tinesyklusar bør størrelsen på alikvotane vere tilpassa analysane som skal utførast.
Lagring
Hos Biobank Haukeland skal det maksimalt gå 2 timar frå prøvetaking til prøven er satt i frys. Dei fleste biologiske materialane bør oppbevarast på minimum -80°C med unntak av levande celler som bør lagrast i flytande nitrogen.