
Vi jobbar for å bli eit
Comprehensive Cancer Center
Haukeland universitetssjukehus har starta eit omfattande arbeid for å bli akkreditert som eit Comprehensive Cancer Center (CCC) gjennom Organisation of European Cancer Institutes (OECI). Dette er ein internasjonal standard for sjukehus med heilskapleg og høgspesialisert behandling for kreftpasientar.
Eit CCC tilbyr eit komplett og koordinert behandlingstilbod som kombinerer diagnostikk, behandling, rehabilitering og forsking på høgt internasjonalt nivå. Målet med satsinga er å forbetre pasientforløpa, styrkje forskinga og auke samhandlinga mellom fagmiljø på tvers av sjukehuset og med eksterne samarbeidspartnarar. Målet er å oppnå akkreditering innan 2026.
Eit CCC er eit sjukehus som er akkreditert av Organisation of European Cancer Institutes (OECI). For å bli akkreditert må sjukehuset dokumentere:
- Høg kvalitet på heile kreftforløpet – frå diagnostikk til rehabilitering
- Integrering av forsking som ein naturleg del av behandlinga
- Tverrfagleg samarbeid og koordinering mellom avdelingar og fagmiljø
- God og tilgjengeleg pasientinformasjon
Førekomsten av kreft aukar i takt med ei aldrande befolkning, samstundes som helsevesenet står overfor utfordringar med bemanning. Auka samarbeid, betre informasjonsflyt og meir systematisk forsking er viktige tiltak for å møte framtidas behov.
Ein CCC-akkreditering vil bidra til:
- Meir heilskaplege og tverrfaglege pasientforløp
- Betre samarbeid mellom avdelingar, faggrupper og forskingsmiljø
- Auka rekruttering til og gjennomføring av kliniske studiar
- Ein sterkare posisjon nasjonalt og internasjonalt som samarbeidspartnar innan kreftforsking og -behandling
- Betre koordinering mellom diagnostikk, behandling og rehabilitering
- Tydeleg og tilpassa pasientinformasjon gjennom heile forløpet
- Styrkt oppfølging etter avslutta behandling
- Fleire moglegheiter for å delta i kliniske studiar og tilgang til ny behandling
CCC-akkrediteringa legg vekt på ei heilskapleg og persontilpassa kreftomsorg, der fysiske, psykiske og sosiale behov blir ivaretekne.
Arbeidet blir leia av ei prosjektgruppe med representantar frå fleire klinikkar og forskingsmiljø. Heile sjukehuset er involvert i dokumentasjons- og forbetringsarbeidet.
Fokusområde i akkrediteringsprosessen:
- Etablere systematisk kompetanseprogram for kreftsjukepleiarar
- Etablere eit tverrfagleg team for palliasjon (palliativt MDT)
- Auke delen pasientar som deltek i kliniske studiar frå 2 % til minst 10 %
- Oppretthalde og vidareutvikle porteføljen av kliniske kreftstudiar (minimum 75 aktive studiar)
Det blir og arbeidd med å senke terskelen for pasientdeltaking i forsking og styrkje helsepersonellet si rolle i å rekruttere til kliniske studiar.
For pasientane:
- Betre og meir persontilpassa behandling
- Meir heilskapleg oppfølging gjennom heile sjukdomsforløpet
- Tilgang til ny og avansert behandling gjennom kliniske studiar
For helsepersonell:
- Betre samarbeid på tvers av fag og avdelingar
- Felles kompetanseutvikling og læringsarenaer
- Moglegheit til å bidra til utvikling av framtidas kreftbehandling
For forskingsmiljø:
- Auka samarbeid med nasjonale og internasjonale partnarar
- Større moglegheiter for EU-finansiering
- Auka synlegheit og posisjon i politikkutforming
Arbeidsgruppe:
- Kirsten Hansine Helene Nygaard Bolstad, Seksjonsleder, Kreftklinikken
- Halfdan Sørbye, overlege
- Borghild Helene Sandøy Straume, rådgiver
- Pål Ove Vadset, seksjonsleder, Forskings- og utviklingsavdelinga
Styringsgruppe:
- Oddbjørn Straume, direktør Kreftklinikken
- Christian Beisland, avdelingssjef Kirurgisk klinikk
- Marta Ebbing, direktør Forskings- og utviklingsavdelinga
- Ruby Mahesparan, avdelingssjef Nevrokirurgisk avdeling
- Linda Sleire, assisterende direktør Laboratorieklinikken
- John-Helge Heimdal, direktør Kirurgisk klinikk
- Sverre Lehmann, direktør Lungeavdelingen
- Ingfrid Haldorsen, direktør Radiologisk avdeling
- Astrid Marta Olsnes, Seksjonsleder Medisinsk klinikk
- Lorentz Linde, direktør Kvinneklinikken
- Evelyn Neppelberg, direktør Hode/hals klinikken
- Maria Vollsæter, direktør Barne og ungdomsklinikken
Kirurgisk service klinikk – Palliasjon
Research Group for Palliative Care
Engelsk namn: Anaesthesia and Surgical Services
Leiar: Margrethe Aase Schaufel
Kreftklinikken
ART-FORSEE (Artificial Intelligence for Radiotherapy – Forsee Project)
Engelsk namn: Cancer Clinic
Leiar: Grete May Engeseth
Bergen radiotherapy research group
Engelsk namn: Cancer Clinic
Leiar: Liv Bolstad Hysing
Mohn Cancer Research Laboratory
Engelsk namn: Cancer Clinic
Leiar: Stian Knappskog
Mohn Cancer Research Laboratory – Digestive High-Grade Neuroendocrine Neoplasms (NEN)
Engelsk namn: Cancer Clinic
Leiar: Halfdan Sørbye
Sarcoma group Haukeland University Hospital
Engelsk namn: Cancer Clinic
Leiar: Nina L. Jebsen
Barneklinikken
Oral Late Effects after Childhood Cancer Treatment Research Group
Engelsk namn: Children and Youth Clinic
Leiar: Dorota M. Wojcik
Pediatric Oncology Research Group at Haukeland University Hospital
Engelsk namn: Children and Youth Clinic
Leiar: Maria W. Gunnes
Medisinsk klinikk – Hematologen
PRECOS (Preclinical Cancer Oncology Studies)
Engelsk namn: Department of Internal Medicine – Hematology
Leiar: Emmet Mc Cormack
The Signalling-Targeted Research Group
Engelsk namn: Department of Internal Medicine – Hematology
Leiar: Bjørn Tore Gjertsen
Radiologisk avdeling
Bergen Cancer Imaging Research Group
Engelsk namn: Department of Radiology
Leiar: Ingfrid S. Haldorsen (Principal Investigator, PI) og Kristine E. Fasmer (co-PI)
Bergen Tracer Development Center, part of 180°N (Molecular Imaging Center)
Engelsk namn: Department of Radiology
Leiarar: Tom Christian Holm Adamsen (PI), Bengt Erik Haug (co-PI), Erwan Le Roux (co-PI)
Neurostimulation and Brain Imaging Research Group (NBiG) and Mohn Medical Imaging and Visualization Centre (MMIV)
Engelsk namn: Department of Radiology
Leiarar:
– NBiG: Leif Oltedal (PI), Olga Therese Ousedal (co-PI), Ute Kessler (co-PI)
– MMIV: Leif Oltedal
Klinikk for hode/hals – Øre-Nese-Hals avdeling
Bergen Head and Neck Cancer Research Group
Engelsk namn: Head and Neck Clinic
Leiar: Hans Jørgen Aarstad
Laboratorieklinikken
Brain Tumor & Microenvironment Research Group
Engelsk namn: Laboratory Medicine and Pathology
Leiar: Hrvoje Miletic
Breast Cancer of the Young – Bergen (BCY-B)
Engelsk namn: Laboratory Medicine and Pathology
Leiarar: Elisabeth Wik og Erling A. Høivik
Cancer cell plasticity and therapy resistance group
Engelsk namn: Laboratory Medicine and Pathology
Leiar: Agnete S. T. Engelsen
Early Breast Cancer
Engelsk namn: Laboratory Medicine and Pathology
Leiar: Carina Strell
Experimental Pathology Research Group
Engelsk namn: Laboratory Medicine and Pathology
Leiar: Daniela Elena Costea
Hormone Laboratory Breast Cancer Research Group
Engelsk namn: Laboratory Medicine and Pathology
Leiar: Gunnar Mellgren
InPreD Cancer Genomics (Individualized Precision Diagnostics)
Engelsk namn: Laboratory Medicine and Pathology
Leiar: Randi Hovland
Molecular Pathology of Pancreatic Disease
Engelsk namn: Laboratory Medicine and Pathology
Leiar: Anders Molven
Tumor Biology Research Group
Engelsk namn: Laboratory Medicine and Pathology
Leiar: Lars Akslen
Western Norway Familial Cancer Center (Regionalt kompetansesenter for arvelig kreft)
Engelsk namn: Laboratory Medicine and Pathology
Leiar: Cathrine Bjorvatn
Nevroklinikken
Neurosurgery
Engelsk namn: Neuro Clinic
Leiar: Ruby Mahesparan
Kirurgisk klinikk
Bergen Urological Research Group
Engelsk namn: Surgical Clinic
Leiar: Christian Beisland
Gastrointestinal Surgery Research Group
Engelsk namn: Surgical Clinic
Leiar: Frank Pfeffer
Kvinneklinikken
Bergen Research Group for Gynecological Cancer
Engelsk namn: Women’s Clinic
Leiar: Camilla Krakstad
GenderHealth at VID Specialized University
Engelsk namn: Women’s Clinic
Leiarar: Tone Dahl-Michelsen og Ragnhild Tveit Sekse
Innovative Novel Ovarian Cancer Treatment Approaches (INOVA)
Engelsk namn: Women’s Clinic
Leiarar: Line Bjørge og Emmet McCormack
Kor lang tid tek det å bli akkreditert?
Prosessen tek mellom 18 og 24 månader. Haukeland starta arbeidet i 2024.
Kva kostar det?
- OECI-medlemskap: ca. 75 000 kroner per år
- Sjølve akkrediteringsprosessen: ca. 518 000 kroner, i tillegg til interne arbeidsressursar
Kven er involvert?
Alle avdelingar som behandlar kreftpasientar deltek. Dette inkluderer mellom anna Kreftklinikken, Kirurgisk klinikk, Medisinsk klinikk, Laboratorieklinikken, Kvinneklinikken, Lungeavdelinga og Nevrokirurgisk avdeling.
Har du spørsmål kring akkrediteringa så kan de kontakte: