Søknad om eBehandling

Direkte kontakt utan tilvising​
Du som bur i Bergensområdet kan ta direkte kontakt med eBehandling utan tilvising. Dette gjer du ved å logge deg inn på helsenorge.no og fylle ut ein søknad til oss

NB! På Helsenorge vert tilbodet inntil vidare omtala som eMeistring. 

​Tilbodet om å ta direkte kontakt med eBehandling utan tilvising finst også hjå Helse Fonna, Helse Førde, Helse Stavanger og Nidaros DPS. Følg lenkane under for å få meir informasjon om rutinane for dette hjå din lokale klinikk. 

Dersom du allereie er i behandling i ein poliklinikk ved ditt lokale DPS ynskjer vi at du drøftar tilvising til eBehandling med din behandlar der og søker i samarbeid med han eller ho. 

Dersom du ikkje er i pågåande behandling for psykiske vanskar kan du også ta kontakt med fastlegen din og be om tilvising til oss. Andre legar eller psykologar kan også tilvise til eBehandling.​

Før du søker om eBehandling anbefalar vi deg å lese første kapittel i behandlingsprogramma. Desse er tilgjengeleg for alle, og du finn dei via linken Behandlingsprogramma.

NB! Sidan vi er ein overgangsfase til nye program er desse kapitla ikkje tilgjengelege her pr. no. Desse vil kome på plass innan utgangen av april 2024. 

Behandlingsprogramma våre for panikklidling, sosial angst og depresjon har 8 kapittel. 

Sist oppdatert 11.04.2024