Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Tilvising

eBehandling tilbyr rettleia internettbehandling for vaksne over 18 år med psykiske lidingar. Behandlinga byggjer på kognitiv åtferdsterapi og blir gjennomført via eit nettbasert behandlingsprogram, med skriftleg oppfølging frå ein behandlar.

Om eBehandling 

Behandlinga går vanlegvis over 9-12 veker og krev at pasienten arbeider aktivt med innhaldet og oppgåvene i programmet. 

Vi tilbyr behandling for: 

  • Panikkliding 
  • Sosial angst 
  • Depresjon 
  • Insomni  
  • ADHD  
  • Arbeidsretta behandling for pasientar med blanda angst- og depresjonproblematikk 

Kven passar eBehandling for? 

eBehandling kan vere aktuelt for pasientar som: 

  • Har symptom eller plager innanfor eitt av områda vi tilbyr behandling for. 
  • Har kapasitet og motivasjon til å arbeide sjølvstendig med behandlinga, med støtte frå ein behandlar. 
  • Kan lese, forstå og uttrykkje seg skriftleg på norsk. 
  • Har tilgang til mobil, nettbrett eller PC, og kan bruke digitale løysingar eller lære dette med enkel rettleiing. 
  • Har høve til å prioritere behandlinga og arbeide med oppgåvene i ein skjerma situasjon. 
  • Har ein psykisk og somatisk helsetilstand som gjer det forsvarleg å gjennomføre behandlinga på denne måten. 

Samansette vanskar eller andre samtidige psykiske lidingar utelukkar ikkje nødvendigvis eBehandling. Det avgjerande er om pasienten kan ha nytte av behandlinga, og om ho kan gjennomførast på ein forsvarleg måte. 

Vi gjer ei individuell vurdering av om pasienten har rett til nødvendig helsehjelp og om Behandling er eit eigna tilbod, og inviterer aktuelle pasientar til ein vurderingssamtale før eventuell oppstart. 

Korleis tilvise? 

Pasientar kan tilvisast frå fastlege eller andre med tilvisingsrett. Pasienten kan også sjølv ta direkte kontakt med eBehandling via Helsenorge. 

Tilvisinga bør innehalde: 

  • Aktuelle psykiske plager, symptom og funksjonsnivå. 
  • Relevant sjukehistorie og tidlegare behandling. 
  • Eventuelle samtidige psykiske eller somatiske helseutfordringar, rusmiddelbruk og medikamentbruk. 
  • Vurdering av sjølvmordsrisiko og eventuelle andre risikoforhold. 
  • Pasienten sin motivasjon og føresetnader for å gjennomføre internettbehandling. 
  • Opplysningar om eventuelt pågåande behandlingsforløp i spesialisthelsetenesta. 

Ved direkte kontakt via Helsenorge får fastlegen melding om førespurnaden og høve til å gi relevante helseopplysningar. Fastlegen får også informasjon om behandlingsplan og epikrise ved avslutning. 

Praktisk informasjon 

eBehandling Helse Bergen held til i Møllendalsbakken 9, men behandlinga blir gjennomført digitalt. 

eBehandling er ikkje eit akuttilbod. Pasientar som treng akutt vurdering eller oppfølging, må få dette gjennom det ordinære lokale helsetilbodet. 

Kontakt oss gjerne dersom du er usikker på om eBehandling kan vere aktuelt for pasienten. 

Telefon: 56 34 32 50 

Postadresse: 

Helse Bergen 

Haukeland universitetssjukehus 

eBehandling 

Postboks 1400 

5021 Bergen 

Tilvisingar kan sendast elektronisk eller per post. 

Sist oppdatert 19.10.2026