We recommend that you upgrade to the latest version of your browser.

Mattilbod

Som inneliggjande pasient får du servert mat på avdelinga du ligg på. Det finst òg fleire tilbod for kjøp av mat og drikke på sjukehusområdet.

Mattilbod for inneliggjande pasientar

Alle inneliggjande pasientar får fire hovudmåltid dagleg. Middagane er dei same for alle pasientgrupper. Lunsjtilbodet kan variere mellom avdelingar.

Sjå dagens meny her. 

Dei fleste avdelingane på sjukehuset har eigne spisestover. Her blir måltida serverte i ei roleg og triveleg ramme av eige kjøkkenpersonell. Spisestovene tilbyr frukost, lunsj, middag og kveldsmat. 

Mellom måltida er spisestovene òg opne for pasientar som ønskjer noko lett å ete eller drikke. Då kan du til dømes få frukt, yoghurt, kjeks, nøtter og drikke. 

Opningstider kan variere mellom avdelingane.

Tidspunkt for måltid

Tidspunktene kan variere noe fra sengepost til sengepost.

Frukost: 08.00 – 09.00 

Lunsj: 12.00 – 13.00 

Middag: 15.30 – 16.30 

Kvelds: 19.30 – 20.30 

Mattilbod for pasientar i rus- og psykisk helsevern 

Pasientar i rus- og psykisk helsevern får servert frukost, lunsj, middag og kveldsmat på avdelinga dei er innlagde på. 

Korleis måltida blir organiserte, og kva mat som blir servert, kan variere mellom einingane. Nokre stader blir måltida serverte i fellesareal, medan andre einingar har eigne ordningar. 

Spesielle matbehov

Dersom du har behov andre tilpassingar i kosten, som spesialkost eller vegetarkost, kan vi tilby dette. Gi beskjed til personalet på avdelinga. 

Kafé og kantine

Det finst kaféar og ein kantine inne på sjukehusområdet på Haukeland. Desse er opne for alle.

Café3 (kantina) ligg i 3. etasje i Sentralblokka på Haukeland. Her kan du kjøpe varm mat, salat frå salatbuffet, påsmurt mat, bakevarer, kaker, frukt og drikke. Café3 er open for alle. 

 

Opningstider 

Måndag - fredag: kl. 07.30 – 18.00 

Laurdag - søndag: kl. 11.00 – 17.00 

Stengd på offentlege heilagdagar. 

 

Serveringstider 

Lunsj blir servert frå kl. 10.30 

Middag blir servert frå kl. 13.30 

 

Dagens meny i Café3 finn du her.

 

 

Café Foajé ligg i 1. etasje i Sentralblokka på Haukeland sjukehus. Her kan du kjøpe påsmurt mat, kaker, bakevarer og ein enkel varmrett. Café Foajé er open for alle.

Opningstider 

Måndag - fredag: kl. 08.30 – 15.30 

Stengd laurdag, søndag og offentlege heilagdagar. 

Kaféen i Glasblokkene ligg i 1. etasje i Blokk 7. Her kan du kjøpe påsmurt mat, pizza, varme smårettar, bakevarer, snacks og drikke. Tilbodet passar godt for ein rask matbit eller ei lita pause. Café Glasblokka er open for alle. 

Opningstider 

Måndag - fredag: kl. 09.00 – 18.00 

Laurdag, søndag og offentlege heilagdagar: kl. 10.00 – 17.00 

Kiosk

Kiosken Deli de Luca funn du i foajeen i Sentralblokka. Her finn du mellom anna salat, påsmurte bagettar og bakervarer, i tillegg til andre kioskvarer. Sjå opningstidene her (delideluca.no).

Mattilbod på pasienthotellet 

Pasienthotellet vårt, Haukeland hotell, har eige kjøkken og spisesal, kafé og døgnopen kiosk for pasientar, pårørande og besøkande. Les meir om Haukeland hotell her.

Last updated 6/4/2026