We recommend that you upgrade to the latest version of your browser.

Lysterapi

Ved Lysterapien har vi tilbod om fleire ulike behandlingar. Pasientar må ha tilvising til Hudavdelinga frå fastlegen for å kunne starte behandling hos oss.

Det er hudlegen som avgjer om og kva type behandling den enkelte pasient skal ha. Dei som kan ha effekt av lysbehandling er personar med ulike typar eksem, psoriasis og ein del andre hudsjukdomar.

Kva er lysbehandling?

Lysbehandling betyr at du får behandling med ultrafiolett lys på huden. Dette er en medisinsk behandling forordna av lege. Lysbehandlinga reduserer betennelsesfremmande celler, reduserer celledelinga og har en immundempande verknad i huda. Behandlinga gir og økt pigmentering (brunfarge) i huden.  

Kva kostar behandlinga?

Du må betale eigenandel  for kvar behandling, inntil du har nådd taket for frikort. I tillegg kjem eit eingangsbeløp på kr 75,- som dekker diverse utstyr.

Fra 02.01.2026 blir det pålagt gebyr ved manglande oppmøte til lysterapi. Dersom du ikkje kan møte til avtalt time, er det viktig at du gir beskjed på telefon 55973950. Du kan endre timen på helsenorge.no fram til 24 timer før. Du kan også sende dialogmelding i helsenorge.no fram til samme dag. 

Kor mange behandlingar er vanleg?

Lege ordninerer lysbehandlinga, vanlegvis omtrent 20-30 behandlinger i ein gitt periode. Behandlinga bør fullførast fortløpande utan lange opphold.

Korleis går behandlinga føre seg?

Kvar behandling kan ta frå nokre sekundar til fleire minuttar avhengig av kva type behandling du får. Behandlingane krev timebestilling.

Førebuing til behandling

Om huda di treng forbehandling før oppstart med lysbehandling (f.eks. ved plakk-psoriasis) vil du få informasjon om dette ved oppstart.  Lysbehandling kan gjere huden tørr. Bruk gjerne fuktighetskrem fleire ganger daglig.

Vi tilbyr følgande lysbehandlingar:

  • UVA heilkropp
  • UVB heilkropp, hender, føter, sittelys
  • TL01 heilkropp, hender, føter
  • UVA / TL01 heilkropp
  • UVA1 heilkropp
  • PUVA heilkropp, hender, føter (lokal / systemisk)
  • Høgspektra UVB hender, føter
  • Grensestrålar
  • Iontoforese
  • Lystestar

Kontakt

Telefon

Alle som skal bestille time for lysterapi må ringe 55 97 39 50. Timebestillinga er open måndag-fredag i tidsrommet 08.00-15.00.

Endrede åpningstider i desember

55 97 39 60

Log in to Helsenorge

Slik finn du fram

Oppmøtestad

Lysterapien ligg i 2. etasje i hudbygget. Same inngang som Hudpoliklinikken. 

 

 

En stor murbygning

Hudbygget

Jonas Lies vei 73

​Fleire rutebussar går forbi Haukeland. I tillegg finst direkte arbeidsruter mellom bydelane og sjukehuset.
 
​​​​​​På nettsidene til Skyss.no finn du bussruter med oversikt over stoppestader og tider
 
  • Line 5 og 6 har avgang frå Festplassen
  • Line 12 har avgang frå Bystasjonen
  • Line 16E har avgang frå Xhibition i Småstrandgaten
​Busstoppa rundt Haukeland:

  • Ulriksdal for besøkande til Ulriksdal helsepark og Glasblokkene (line 5, 6, 16E)
  • Haukeland sjukehus Nord for besøkande til Glasblokkene, Kvinneklinikken, Augebygget og Haukeland hotell (line 5, 6, 12 og 16E)
  • Haukeland sjukehus Sør for besøkande til Sentralblokka og andre bygg på Haukelandsområdet (line 5, 6, 12 og 16E)
  • Ibsensgate - arbeidsruter

​Nærmaste stoppestad til Haukeland er bybanestoppet Haukeland sjukehus. Banen stoppar nord for Sentralblokka, like ved Glasblokkene, på Haukelandsområdet. Det tar om lag 5 minutt å gå frå stoppet til sjukehuset. 

Sjå rutetabellar og oversikt over stoppestader på Skyss.no

Parkeringsanlegget på Haukeland er delt inn i ulike område på og i nærleiken av sjukehuset. Vi har dessverre ikkje nok plassar til alle som ønsker å parkere på sjukehuset.

​​​​​​​​Av omsyn til dei som må bruke bil, oppmoder vi derfor dei som kan, til å bruke offent​leg transport​. Det er også mogleg å parkere på Bystasjonen og ta buss/bane det siste stykket opp til Haukeland​. 

​For dei som av ulike årsakar må bruke bil, er det parkeringsplassar på ulike områder på og i nærleiken av sjukehuset.
 

​Det er parkering utanfor Hudbygget på sjukehusområdet, innkøyring ved Haukeland hotell. Det er begrensa parkeringsplassar, og vi tilrår at du brukar offentleg transport til og frå undersøkinga/behandlinga om mogleg. Dersom du av helsemessige årsaker ikkje kan bruke offentleg transportmidlar, må du få godkjenning av behandlar på at du skal få drosje (samkøyring). Sjå nettsida Forside - Pasientreiser HF  for meir informasjon eller ring 05515.

Om du ønskar å kjøyre sjølv og vil parkere på sjukehusområdet, gjer vi merksam på at det er nokre få parkeringsplassar mot parkeringsavgift utanfor Hudavdelinga. Pasientar som er innlagt i minimum 7 dagar kan få tilbod om å kjøpe parkeringskort for kr 350,- pr veke. Snakk med postsekretær i sengeposten om dette.

Praktisk informasjon

I foajeen i Sentralblokka på Haukeland finn du eit apotekutsal for publikum. Dei gjer klar resepten din medan du ventar der.

Meir informasjon om sjukehusapoteket i Sentralblokka

Opningstider
Måndag-fredag kl. 08.30-17.00

Telefon 55 97 53 44
Telefaks 55 29 07 40
bergen@apotekene-vest.no

Apotekutsalet har eit variert varetilbod, og fører dei legemidla sjukehuset nyttar i behandlinga. Dei skaffar også legemiddel som ikkje er marknadsførte i Noreg eller som må produserast spesielt. I tillegg har dei hudpleie- og hygieneartiklar og ernæringsprodukt, samt andre apotekvarer og sjukepleieartiklar.

Dei ansatte ved apoteket gir deg informasjon, råd og rettleiing om legemiddel og legemiddelbruk og kan tilby samtale/rettleiing mellom personale og pasient på eit uforstyrra samtalerom. Dei tilbyr og opplæring i blodsukkermåling og bruk av inhalasjonspreparat.

Apoteket tar også i mot gamle legemiddel til destruksjon.​

Du kan betale med Vipps på apoteket. Du kan derfor mellom anna betale på førehand når du skal hente bestilte medisinar.

 

Når du skal på besøk eller følgje ein pasient på sjukehuset, må du gjere deg kjent med gjeldande rutinar.

Les meir om besøkstider og -reglar på sjukehuset

Som inneliggande pasient vil du få matservering på avdelinga du ligg på. I tillegg kan du og besøkande kjøpe alt frå dagens middag til smårettar, bakevarer og kioskvarer på sjukehuset. I nærmiljøet finst også fleire daglegvarebutikkar.

Les meir om mattilbodet ved sjukehuset

Fleire og fleire avdelingar på sjukehuset får nå ny digital løysing for korleis du som pasient registrerer deg og betalar. Denne avdelinga har nå tatt i bruk denne nye løysinga. 

Du registrerer at du er komen til sjukehuset enten via tekstmeldinga du får frå oss eller på ein sjølvbeteningsautomat. Om du skal ta blodprøve kan du også registrere dette sjølv i dei avdelingane kor det er utplassert automater. Du kan framleis få hjelp i resepsjonen om du ønskjer det.


Skal du betale etter timen vil du få ei tekstmelding med betalingsinformasjon. Du kan velje å betale med Vipps eller få tilsendt faktura, gebyrfritt/utan ekstra kostnader for deg. Du kan òg betale med kort på ein sjølvbeteningsautomat eller i resepsjonen.

Les meir om innsjekk og betaling

​Utgreiing og behandling vil vere avhengig av god kommunikasjon og kartlegging av grundig sjukdomshistorikk. Derfor ber vi deg gi beskjed om du har behov for tolk under pasientsamtalane og undersøkingane så tidleg som mogleg. Dette gjeld om du til dømes har hørsels- eller synshemming, eller om du har eit anna morsmål og snakkar lite norsk.

Les meir om tolketenester og dine rettar som pasient

Alle pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på dei fleste områda på sjukehuset.

Gjest.ihelse.net er eit trådlaust nettverk for besøkande, pasientar og tilsette. Slik koblar du deg til gjestenettet vårt:

  1. Koble deg til det trådlause gjestenettet (gjest.ihelse.net)
  2. Ein nettlesar skal opne seg automatisk. (Om påloggingsvindauget ikkje dukkar opp, forsøk å opne nettlesaren manuelt).​
  3. Trykk "Godta" når du har lest og forstått vilkåra.

Innlogginga skjer automatisk på einingar etter første pålogging, så lenge kontoen er aktiv. Det skal bare være nødvendig å logge seg på éin gong per eining per 31 dagar. 

 
Trøbbel med å kople til trådlaust internett?
Sjukehuset har dessverre dårleg nettverk nokre stader. Du kan derfor ha problem med å få logga deg på nettverket. Vi beklagar dette, og jobbar med å utbetre dette.
 
Har du ein nyare mobiltelefon, og problem med å kople det til trådlaust gjestenett på sjukehuset? Det kan skuldast nettverksinnstillingane på telefonen din.