Vanlege spørsmål
Vi må prioritere først dei som treng hjelp raskt, ikkje nødvendigvis dei som kom først.
Når du kjem til Akuttmottak, blir tilstanden din vurdert av sjukepleiar og mottakslege i triageområdet, og du får ein hastegrad etter kor alvorleg tilstanden din er. Om tilstanden din ikkje krev at du må ha sjukepleiar og lege straks, må du ofte vente ei stund.
I Akuttmottak jobbar leger frå fleire ulike fag. Om det er mange som skal til same lege, kan det bli lang ventetid for denne pasientgruppa.
Akuttmottak har fleire innganger, og dei sjukaste pasientane kjem på båre direkte på pasientrom som ikkje er synleg frå venterommet. Det kan derfor verke roleg i området rundt venterommet, sjølv om det er stor pågang i Akuttmottak.
Gi beskjed i resepsjonen. Sjukepleiar vil ta nye målingar og vurdere deg på nytt.
Du kan ha med deg pårørande om du ønskjer det. Når du kjem til Akuttmottak vil pårørande i første omgang bli viste til venterommet, medan du som pasient blir vurdert i triageområdet. Av omsyn til andre pasientar og taushetsplikt er pårørande ikkje tillatne i dette området. Etter den første vurderinga kan du igjen vere saman med pårørande, og dei kan følgje deg vidare i forløpet.
Om det er svært høgt aktivitetsnivå i Akuttmottak, kan du som pårørande bli beden om å forlate Akuttmottak. Vi må frigjere plass for pasientar om det er nødvendig.
Pårørande som må vere til stede på grunn av særskilde behov - som barn eller behov for anna nødvendig støtte - er sjølvsagt velkomne til å følgje deg som pasient heile tida.
På sengeeiningane er det eigne besøkstider for pårørande. Om du blir innlagd, må du avtale besøk med den eininga du blir flytta til.
Sjukehusapoteket i 0. etasje er ope mandag - fredag.
Sjukehusapoteket i Bergen - Sjukehusapoteka Vest HF
Andre apotek har ope lenger, søk opp informasjon om apoteket som er aktuelt for deg. Bergen Storsenter har eit apotek som er ope til klokka 23.00.
Om du ikkje er i stand til å hente ut medisinar du skal ha med det same, gi beskjed til sjukepleiaren eller legen din.
Om du blir lagt inn på ei sengeeining vil du få utdelt faste medisinar der.
Du treng ikkje tenkje på betaling hos oss mens du er i Akuttmottak. Om du blir lagt inn på ei eining i sjukehuset, skal du ikkje betale eigenandel.
Om du blir skriven ut frå Akuttmottak utan innlegging, blir opphaldet ofte rekna som poliklinisk. Du vil då få tilsendt ein SMS med betalingslenke i etterkant med eigenandel for konsultasjon og eventuelt for røntgen, CT og liknande. Dette gjeld ikkje om du har frikort.
Gje beskjed i resepsjonen slik at vi har kontaktinformasjon til deg. Vi kan ikkje garantere at vi har kapasitet til å ringje deg om legen er klar til å undersøkje deg medan du er borte, eller at legen er tilgjengeleg med ein gong når du kjem tilbake. Å forlate Akuttmottak kan derfor føre til lengre ventetid for deg.
Ikkje gå ut av Akuttmottak om du ikkje er i form til det.
Dersom du ønskjer å reise heim før du er vurdert av lege, må du signere på skjema for utskriving mot legeråd. Ta kontakt med resepsjonen.
Det er gratis trådlaust internett på sjukehuset: Trådlaust internett - Helse Bergen HF
I Akuttmottak er det ikkje mogleg å bestille time på førehand. For å bli vurdert av lege må du ha tilvising frå fastlege eller legevakt.
Ved akutte og livstrugande situasjonar skal du ringje 113.
Når du kjem til Akuttmottak, blir du vurdert av helsepersonell. Pasientar blir prioriterte etter medisinsk hastegrad, ikkje etter tidspunktet dei kjem til Akuttmottak.
Før du et noko mens du ventar på å kome til i Akuttmottak, er det viktig å vere klar over at fleire undersøkingar og behandlingar krev at ein er fastande. Vi vil derfor rå frå å ete noko før du er heilt sikker på at du ikkje treng å faste.
Om du er usikker, eller har sjukdom som krev at du må ete jevnleg, ta kontakt med sekretær eller koordinator i luka.
Det er ingen kantine eller tilbod om mat i Akuttmottak. Om du ønskjer å forlate mottaket for å kjøpe noko, gje beskjed om dette til sekretær eller koordinator i luka. Meir informasjon om mattilbod på Haukeland Universitetssjukehus finn du her: Mattilbod - Helse Bergen HF