Ansvar- og oppgåvedeling
Ansvar- og oppgåvedeling hjelper oss å nytte kompetanse og ressursar effektivt, på rett stad og til rett tid. Det kan òg forbetre samarbeidet mellom ulike typar helsepersonell, spesielt i tverrfaglege team.
"Tid for handling" (Kapittel 8 i NOU 2023: 4 ) skildrar korleis helsetenesta bør arbeide med oppgåvedeling for å nytte kompetanse og ressursar på ein riktig måte. Oppgåvedeling inneber samarbeid mellom helsepersonell med ulik kompetanse, og kan vere vertikal (frå høgare til lågare kompetansenivå) eller horisontal (mellom same kompetansenivå med ulik kompetanse).
For å lukkast med oppgåvedeling krevst det:
- Leiingsforankring
- Kjennskap til kompetansen til dei tilsette
- Avklaring av ansvarsfordeling og roller
- God opplæring og kompetanseheving
- Informasjon og haldningsskapande arbeid
- Involvering av tilsette og tillitsvalde
- Bruk av verktøy i prosessen
Prosessen inkluderer kartlegging av oppgåvas omfang, ansvarsforhold og kompetansebehov, samt systematisk opplæring og evaluering. Juridiske rammer som Helsepersonellova og Spesialisthelsetenestelova regulerer forsvarleg yrkesutøving og bruk av medhjelparar.

Helse Bergen har utvikla eit verktøy for ansvar- og oppgåvedeling ved hjelp av forbetringsmetodikk. Dette arbeidet er ein del av Delplan kompetanse 2023-2026. Verktøyet blir brukt for å systematisere oppgåvedelinga.