Korleis ser ein usynleg trussel ut? Ekspertar samlast for å diskutere antimikrobiell resistens
Korleis formidlar ein ei krise som ikkje er synleg med det blotte auge? Det var spørsmålet som stod i sentrum då forskarar og fagpersonar frå både Noreg og USA møttest til eit tverrfagleg seminar ved Universitetet i Bergen (UiB) om antimikrobiell resistens (AMR) – ei av dei største helsetruslane i vår tid.

Visuell krisekommunikasjon
Seminaret vart opna av Ingrid Smith, prosjektleiar for CAMRIA_AMR og Media – eit prosjekt finansiert av Trond Mohn forskingsstifting. Det vart leia av Jens Kjeldsen, professor i retorikk ved Universitetet i Bergen, og samla ekspertar frå kommunikasjon, medisin, statsvitskap og smittevern for å belyse AMR-problematikken frå ulike faglege perspektiv.
Først ut var professor Lisa Keranen frå Universitetet i Colorado. Ho presenterte forsking på korleis AMR vert framstilt i nyheitsbilete i USA og Noreg, og viste at AMR ikkje har eit visuelt uttrykk slik som covid-19, med det raude koronaviruset med pigger.
– Visuell kommunikasjon kan vere avgjerande for å gjere antibiotikaresistens meir forståeleg og handgripeleg for folk flest. Vi veit at menneske hugsar bilete betre enn ord, og ved å bruke visuelle verkemiddel kan vi formidle kompleks forsking på ein måte som engasjerer, informerer og set varige spor, sa Keranen.

Kva veit folk – og kva gjer dei?
Sigurd Høye, leiar for Antibiotikasenteret for primærmedisin (ASP), delte verdifull innsikt i nordmenns kunnskap og haldningar til antibiotikabruk. Han understreka at forståinga i befolkninga ikkje berre handlar om kunnskap, men også om praksis og haldningsendring.
– Forståinga i befolkninga påverkar faktisk praksis, og dermed også utviklinga av resistens, forklarte Høye.
ASP arbeider breitt med fagutvikling, forsking og kvalitetssikring av antibiotikabruk i primærhelsetenesta. I tillegg har dei eit tydeleg folkeopplysningsmandat.
– Vi jobbar målretta med informasjonsarbeid retta mot befolkninga. Det handlar om å gjere folk medvitne om når antibiotika faktisk verkar – og når det ikkje gjer det, sa Høye.
Han la også vekt på at haldningsendringar tek tid, men at det er mogleg å oppnå resultat gjennom langsiktig arbeid.

Styring og samordning
Postdoktor Martin Stangborli Time tok for seg korleis AMR-politikk vert styrt på tvers av nivå – frå lokalt til internasjonalt. Han belyste korleis AMR-politikk ikkje berre er eit medisinsk eller teknisk spørsmål, men i høg grad eit styrings- og koordineringsproblem som krev tett samarbeid mellom ei rekkje aktørar, inkludert helsemyndigheiter, forskingsmiljø, internasjonale organisasjonar og lokale beslutningstakarar.
Funn frå forskinga hans viser at effektiv handtering av AMR føreset ei heilskapleg tilnærming der informasjonsflyt, tillit og felles mål mellom aktørane er avgjerande. Utan god koordinering kan tiltak lett bli fragmenterte, overlappande eller i verste fall motstridande. Time understreka derfor betydninga av institusjonelle mekanismar som fremjar samarbeid og samordning, både innanfor og på tvers av landegrenser.
Professor Anne Lise Fimreite ved UiB tok opp korleis haldningar og oppfatningar i befolkninga bør spele ei sentral rolle i utforminga av politikk, særleg i møte med komplekse og langvarige samfunnsutfordringar som AMR. Ho understreka at når ei krise utviklar seg gradvis og ikkje nødvendigvis opplevast som akutt i kvardagen, stiller det særskilde krav til korleis politikken vert kommunisert og gjennomført.
– Når krisa er snikande og kompleks, må politikken vere både tydeleg i sine mål og fleksibel nok til å kunne justerast undervegs, sa Fimreite. Dette inneber at myndigheitene må balansere mellom å gi klare føringar og samtidig vere opne for tilbakemeldingar og justeringar basert på korleis befolkninga responderer.
Ho viste til forsking som indikerer at mange faktisk er villige til å gjere personlege offer – som å avstå frå antibiotikabruk og heller vere sjuke nokre dagar ekstra – dersom dei forstår kvifor det er viktig. Samtidig peikar ho på eit interessant paradoks: Sjølv om folk sjølve er villige til å bidra, har dei ofte liten tru på at andre – til dømes naboen – er like villige. Dette gapet mellom eiga og andre si antatte åtferd kan svekke tilliten og dermed også oppslutninga om felles tiltak.
Fimreite argumenterte derfor for at politikkutforming må ta høgd for slike psykologiske og sosiale mekanismar. Det handlar ikkje berre om å informere, men også om å byggje kollektiv tillit og vise at innsatsen er rettferdig fordelt.
Smittevern i praksis
Kristin Kilhus, smittevernoverlege ved Regionalt kompetansesenter for smittevern, Haukeland universitetssjukehus, delte erfaringar frå helsevesenet. Ho peikte på at helsepersonell si oppfatning av risiko og motivasjon er avgjerande for godt smittevern – både under pandemiar og i møte med AMR.

Kristin Kilhus framheva reinhaldspersonell som ei sentral, men ofte oversett gruppe i smittevernarbeidet.
Kilhus trekte særleg fram erfaringar frå samtalar med reinhaldspersonell, som ofte er ei oversett, men heilt sentral gruppe i smittevernarbeidet. Eit utsegn illustrerer dette godt: “We are not just mopping the floor, we are fighting AMR.” Dette sitatet uttrykkjer ein sterk yrkesstoltheit og ei medvitskjensle om at arbeidet deira er ein viktig del av heilskapleg pasienttryggleik og infeksjonskontroll. Det viser også korleis anerkjenning og inkludering av alle yrkesgrupper i smittevernstrategiar kan styrkje både motivasjon og kvalitet.
Frå Instagram til politikk
Avslutningsvis presenterte PhD-student Dorthea Roe frå UiB si forsking på korleis AMR vert kommunisert i sosiale medium og i offentlegheita. Ho understreka at AMR ikkje berre er eit medisinsk og politisk anliggande, men også eit kommunikativt og kulturelt fenomen.
– Vi må forstå korleis krisa vert konstruert retorisk for å kunne kommunisere effektivt, sa ho, og peikte på at måten AMR vert framstilt i det offentlege rom påverkar både merksemd, forståing og handling.
Roe argumenterte for at kommunikasjon om AMR må ta høgd for korleis folk tolkar og responderer på bodskap i ulike kanalar. Sosiale medium spelar ei stadig viktigare rolle i formidlinga av helseinformasjon, og her vert forteljingane ofte forma av enkeltpersonar med stor gjennomslagskraft. Ho trekte spesielt fram Ingeborg Senneset, journalist, kommentator og influencer, som eit døme på ein individuell aktør med tydeleg stemme i AMR-debatten. Senneset kombinerer personleg engasjement med fagleg forankring, og når ut til eit breitt publikum med bodskap om ansvarleg antibiotikabruk, vaksinar og behovet for politisk handling.
Gjennom slike døme viste Roe korleis enkeltpersonar kan fungere som brubyggjarar mellom fagmiljø og allmennheita. Ho peikte også på at effektiv AMR-kommunikasjon krev meir enn faktaformidling – det handlar om å skape narrativ som engasjerer, gir meining og byggjer tillit.