Betra behandling
Kvinnehelseutvalet si utgreiing frå 2023 peikar på ei rekkje kunnskapshol innan kvinnehelse. Blant anna viser det seg at det er fleire sjukdomar som har ulike symptombilete hos kvinner og menn, at behandling ofte har forskjellig effekt avhengig av kjønn, og at risikofaktorane som påverkar sjukdomsutbrot varierer mellom kvinner og menn.
Kvart år får om lag 500 kvinner i Noreg diagnosen eggstokkreft. Desverre er overlevingsraten låg, og mange opplever tilbakefall. Line Bjørge, som er spesialist i fødselshjelp og kvinnesjukdomar ved Haukeland universitetssjukehus, leiar eit prosjekt som har som mål å betra behandlinga av eggstokkreft.
Prosjektet hennar fokuserer på å utvikle verktøy for å identifisere biomarkørar, teste immunterapiar og kombinere kirurgi med immunterapi.
Forskningssatsinga er tilknytt Driv - Senter for kvinnehelseforskning. Senteret sitt mål, er at alle aspekt av kvinnehelse blir forstått, behandla og prioriterte på lik linje med andre helseområde.
Prosjektet består av tre hovuddelar:
- Utvikling av verktøy for personleg tilpassa immunprofilering
- Modellering av svulst-interaksjonar for å teste immunterapiar.
- Utvikling av ein lokal immunterapimetode med CAR-T-celler.
