STARS – Ny kombinasjonsbehandling mot aggressiv hjernesvulst
STARS studien blir leia av Bente Skeie og handlar om ein ny behandlingsmetode for glioblastom (GBM), ein aggressiv type hjernesvulst. Sjølv etter operasjon, strålebehandling og cellegift kjem sjukdomen ofte raskt tilbake, og det finst i dag inga effektiv behandling.
Svulsten vernar seg mot stråling ved å produsere antioksidantar, noko som gjer behandlinga mindre effektiv. Forskarar trur at sulfasalazin (SAS), eit velkjent legemiddel, kan hindre denne verninga og gjere strålinga meir effektiv.
I ein første studie (fase 1) fekk pasientane SAS i tre dagar før behandling med gammastrålekniv (GKS). Resultata viste at dette var trygt, at livskvaliteten blei oppretthalde i opptil seks månader, og at nivået av antioksidantar i svulsten gjekk ned. I tillegg viste PET-skanningar lovande resultat, og MR viste at svulsten blei mindre hos 5 av 11 pasientar, medan han heldt seg stabil hos ytterlegare 5.
No blir det planlagt ein større internasjonal multisenterstudie (fase 2).
Bente Sandvei Skeie
Legespesialist, Nevrokirurgisk avdeling, Nevroklinikken
benteHUVAMER – Heimebehandling for blodkreft
Akutt myelogen leukemi (AML) er ein sjeldan og alvorleg form for blodkreft. Sjølv om behandlinga har blitt betre, er prognosen framleis dårleg.
HUVAMER studien testar to kombinasjonar av medisinar:
- Hydroxyurea + valproat
- 6-mercaptopurin + valproat
Alle medisinane blir gitt som tablettar, slik at pasientane kan få behandling heime.
Hydroxyurea blir allereie brukt mot andre blodsjukdomar, valproat mot epilepsi og som stemningsstabiliserande, og 6-mercaptopurin mot andre typar leukemi – men er ikkje etablert behandling for AML.
Målet med studien er å undersøkje kor trygge og effektive desse kombinasjonane er for pasientar med tilbakefall av AML eller høgrisiko myelodysplastisk syndrom, som ikkje har andre behandlingsalternativ.
Studien ser òg på livskvalitet og fysisk aktivitet hos deltakarane.
Bjørn Tore Gjertsen
Overlege seksjon for blodsjukdommar, medisinsk klinikk
bjornNorCUP - Forbetre prognosar og persontilpassa behandling for kreft med ukjent opphav
NorCUP-studien, leia av Stian Knappskog, er ein nasjonal klinisk studie med mål om å forbetre behandlinga og prognosen for pasientar med kreft med ukjent utgangspunkt (CUP), ein krefttype som er kjenneteikna ved spreiing utan at ein finn ut kvar kreften starta.
CUP utgjer 2–5 % av alle nye krefttilfelle i verda og har dårleg prognose, med éin års overleving på rundt 20 %. Dagens behandling er basert på generiske cellegiftregime, med relativt låg effekt.
Prosjektperiode: 01.01.2026 – 31.12.2028
Kva inneber studien?
I NorCUP vil vi bruke avanserte molekylære metodar, særleg epigenetiske analysar, for å identifisere vevstypen eller organet kreften kjem frå. Dette vil bidra til å kunne velje meir presis og effektiv behandling for den enkelte pasienten.
Ved å kombinere ulike moderne teknologiar og samle eit tverrfagleg team av legar og forskarar, skal studien undersøkje korleis desse metodane kan forbetre diagnostisering og behandling av CUP. Målet med studien er å gi CUP-pasientar i Noreg betre persontilpassa behandling og dermed betre sjansar for eit lengre liv.