Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
Logo, firmanavn

CAMRIA - Vestnorsk senter for antibiotikaresistens

CAMRIA (Combatting Anti-Microbial Resistance with Interdisciplinary Approaches) er eit tverrfagleg forskingssenter i Vestlandet der forskarar, postdoktorar, stipendiatar og klinisk personell frå Haukeland, Universitetet i Bergen og Stavanger universitetssjukehus samarbeider tett for å møte den aukande utfordringa med antibiotikaresistens.

Senteret starta opp i mai 2022 og er finansiert av Trond Mohn-stiftinga, med bidrag frå Universitetet i Bergen og dei to sjukehusa.

Senteret finansierer tre hovudprosjekt

  • MARGIN
  • HyperEvol
  • Media and AMR

Prosjekta representerer ulike fagområde og skal saman gi eit heilskapleg bilete av kva tiltak som kan bidra til å bremse spreiinga av antibiotikaresistens.

CAMRIA  nyttar ekspertise frå mellom anna mikrobiologi, genomikk, bioinformatikk, matematikk, samfunnsvitskap og klinisk medisin for å utvikle nye strategiar mot antibiotikaresistens.  

Les meir om senteret: CAMRIA – Combatting Anti-Microbial Resistance with Interdisciplinary Approaches

Sist oppdatert 26.08.2025