Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
Logo, firmanavn

FOCUS-ECT

Kan kunstig intelligens hjelpe oss å føreseie kven som har best nytte av elektrokonvulsiv behandling (ECT)? Og kven har størst risiko for kognitive biverknader? FOCUS-ECT skal utvikle og teste modellar som kan gi pasientar med alvorleg depresjon og behandlarane deira eit betre grunnlag for å vurdere behandling.

Om prosjektet

Elektrokonvulsiv behandling (ECT) blir brukt ved alvorleg depresjon. Effekten og biverknadene varierer frå person til person. Før behandlinga er det derfor behov for betre kunnskap om kva den enkelte pasienten kan vente seg.

FOCUS-ECT undersøker om kunstig intelligens (KI) kan bidra til å føreseie behandlingsresultat ved å kombinere ulike typar informasjon. Dette blir kalla multimodale modellar. Prosjektet nyttar kliniske opplysningar, MR-bilete av hjernen og individuelle berekningar av dei elektriske felta som oppstår under ECT. Dataa kjem frå det internasjonale forskingssamarbeidet GEMRIC og omfattar om lag 800 pasientar, i tillegg til ei kontrollgruppe.

Hovudmålet er å estimere sannsynet for at pasienten oppnår remisjon, altså at depresjonssymptoma forsvinn. Eit sekundært mål er å føreseie kognitive biverknader. Forskarane skal også undersøkje om MR-bilete av hjernen og berekningar av dei elektriske felta som oppstår under stimulering, gir betre føreseiingar enn kliniske opplysningar åleine.

Modellane skal testast på data frå ulike behandlingsstader for å undersøkje kor pålitelege dei er, og om dei kan nyttast på tvers av sjukehus. Opplysningane blir behandla i ei trygg forskingsplattform ved Universitetet i Bergen. Målet er å utvikle ein forskingsprototype. Dersom resultata er gode nok, kan klinisk bruk bli vurdert i ein seinare fase.

Kva kan prosjektet bety for pasientane?

Målet er å samle estimat for behandlingseffekt og kognitive biverknader i eit verktøy som kan vere til hjelp i behandlingsvurderingar. Verktøyet skal støtte samtalen mellom pasient og behandlar om venta nytte, risiko og usikkerheit før ECT-behandling. ECT-brukarpanelet i Bergen skal bidra til at informasjonen blir forståeleg og relevant.

Verktøyet blir utvikla som ein forskingsprototype og må validerast før det eventuelt kan takast i bruk i ordinær pasientbehandling.

Prosjektinformasjon og kontakt

Prosjektperiode: Mars 2027 til mars 2031
Prosjektleiar: Leif Oltedal, Haukeland universitetssjukehus og Universitetet i Bergen

Samarbeid: Prosjektet blir leia frå MMIV ved Radiologisk avdeling, Haukeland universitetssjukehus, i samarbeid med fagmiljø innan psykiatri, Universitetet i Bergen, GEMRIC og Arizona State University.

Sist oppdatert 18.11.2026