Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
En blå logo med hvit bakgrunn

Kunstig intelligens for presis diagnostikk av gynekologisk kreft

Kan kunstig intelligens gi meir presis diagnostikk og meir persontilpassa behandling ved gynekologisk kreft? I dette prosjektet utviklar forskarar ved Helse Bergen og Universitetet i Bergen nye KI-baserte verktøy som kombinerer medisinske bilete og informasjon frå vevsprøver for å forbetre diagnostikk, risikovurdering og behandlingsval ved livmor- og livmorhalskreft.

Om prosjektet

Livmor- og livmorhalskreft rammar kvart år mange kvinner. Sjølv om mange pasientar har sjukdom med god prognose, finst det òg pasientar med meir aggressiv sjukdom som treng tett oppfølging og meir omfattande behandling. Ei av dei største utfordringane i dag er å skilje sikkert mellom desse gruppene på eit tidleg tidspunkt.

I dette forskingsprosjektet skal vi utvikle nye verktøy baserte på kunstig intelligens (KI) som analyserer MR- og PET-bilete av svulstar. Informasjonen frå bileta blir kombinert med genetiske og molekylære analysar frå vevsprøver for å gi eit meir detaljert bilete av sjukdommen enn dagens metodar kan tilby.

Målet er å utvikle metodar og modellar som kan:

  • Identifisere pasientar med låg risiko som kan unngå unødvendig tilleggsbehandling.
  • Oppdage pasientar med aggressiv sjukdom tidlegare.
  • Støtte meir persontilpassa behandlingsval.
  • Bidra til betre ressursbruk i helsetenesta.
  • Integrerast direkte i kliniske arbeidsprosessar ved sjukehus.

Prosjektet byggjer på ein unik forskingsdatabase med om lag 1 500 pasientar og kombinerer ekspertise innan radiologi, nukleærmedisin, kunstig intelligens, medisinsk fysikk, gynekologisk kreftforsking og molekylærbiologi.

Kvifor er prosjektet viktig?

Meir treffsikker diagnostikk kan gi kvinner med gynekologisk kreft betre tilpassa behandling og redusere både overbehandling og underbehandling. På sikt kan prosjektet bidra til at avansert KI blir teke i bruk som avgjerdsstøtte i klinisk praksis, slik at pasientane får rett behandling til rett tid.

Prosjektinformasjon og kontakt

Prosjektperiode: April 2027 til mars 2031

Prosjektleiar: Kristine Eldevik Fasmer, medisinsk fysikar/postdoktor, MMIV/Radiologisk avdeling, Helse Bergen

Vertsinstitusjon: Helse Bergen HF

Samarbeidspartnarar:

  • Universitetet i Bergen (UiB)
  • Mohn Medical Imaging and Visualization Centre (MMIV), Radiologisk avdeling, Haukeland universitetssjukehus
  • Bergen Gynecologic Cancer Research Group (BGCR), Kvinneklinikken HUS/Klinisk institutt 2, UiB
  • Internasjonale samarbeidspartnarar i Montpellier og Hong Kong

 

Sist oppdatert 18.11.2026