Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Innovasjonsmidlar til Helse Bergen

Haukeland universitetssjukehus har fått tildelt midlar frå Helse Vest for perioden 2025-2027. Totalt ti innovasjonsprosjekt ved sjukehuset har fått støtte, og dette markerer eit viktig steg i sjukehuset si satsing på innovasjon og forbetring av helsetenester.

Helena Heimstad
Publisert 30.04.2025
Sist oppdatert 12.05.2025
En gruppe mennesker som poserer for et bilde
(f.v) Thomas Halvorsen, Thomas Geisner, Ellen Margrete Apalset, Tommy Nybakk, Sabine Leh, Pål Frønsdal, Øyvind Jørgensen, Margrete Einen og Ingrid Areklett

Tildelingas omfang 

Helse Vest RHF har delt ut heile 19 millionar kroner til innovasjonssatsinga. Fem av desse millionane er øyremerkte innovative løysingar innan kreft, i samarbeid med Kreftforeningen. Totalt får 23 prosjekt støtte, fordelt på 12 nye innovasjonsprosjekt, 5 idéoverføringsprosjekt, og 6 prosjekt som er ein del av samarbeidet med Kreftforeningen. 

Takket vere samarbeidet med Kreftforeningen, blei det også delt ut ekstra midlar øyremerkte innovasjonsprosjekt innan kreft. Dette ga i år god utteljing for dei som har søkt. 

Mange av søknadene som får støtte har høg relevans for ambisjonane om å kutte ventetidene i spesialisthelsetenesta. Søknadene viser høg innovasjonsaktivitet i heile Helse Vest. 

– Vi er svært fornøgde med at så mange har søkt om innovasjonsmidlar, og at så mange av søknadene held høg kvalitet, seier Lena Forgaard, seniorrådgivar og innovasjonsansvarleg i Helse Vest RHF. 

– Eg er stolt over at flinke fagfolk ved sjukehuset har søkt og fått desse innovasjonsmidlane. Det gir oss styrke til å utvikle tenestene våre saman til beste for pasientar, brukarar og medarbeidarar, seier fagdirektør ved Haukeland universitetssjukehus, Marta Ebbing. 

Med støtte frå Helse Vest RHF får prosjekta eit solid løft – både fagleg og økonomisk. Det styrker ikkje berre sjølve initiativa, men også regionsjukehuset si rolle som ein drivkraft for helseteknologi og nytenking. 

Vidareutvikling av Retrams Mobile Re-use skanner 

Prosjektleiar: Ingrid Areklett, Helse Bergen HF 

Prosjektet er ei vidareutvikling av partnarskapet mellom Retrams og Helse Bergen HF, og vil forbetre Retrams skanner-teknologien med 3D KI-robotløysingar for å klassifisere, gripe, handtere og identifisere utstyr som kan overlappe i vaskeristen. EU har innført krav om individuell merking av medisinsk utstyr. Sjukehusa må derfor ha system for å identifisere og spore instrument gjennom heile sterilforsyningskjeda. Helse Bergen HF, Helse Førde og Retrams samarbeider for å teste scanneren på ulike instrumentpakker, utvikle programvare til roboten og sjå på integrasjonar med eksisterande IT-system i sjukehuset. 

Målet med prosjektet er å automatisere og effektivisere sterilforsyningsprosessen ved å forbetre 2D-skannerløysinga med ei 3D-robotløysing som kan gripe, handtere og identifisere alle typar gjenbrukbart kirurgisk utstyr. 

Digitale blandekort for barn 

Prosjektleiar: Thomas Halvorsen, Barne- og ungdomsklinikken 

Intravenøs legemiddelbehandling av barn representerer ei kompleks og risikofylt prosedyre. Det er avgjerande at dette blir gjort riktig, noko som krev kunnskap. For å sikre god kvalitet ved alle sjukehus i landet vårt, og for å unngå at alle helseføretak utviklar eigen beslutningsstøtte, har Nasjonalt kompetansenettverk for legemiddel til barn (Nettverket) utvikla nesten 200 «blandekort», noko som dekker dei fleste legemiddel barn treng. Resultatet frå Innovasjonsprosjektet "Digitale blandekort for barn" blir lansert som webgrensesnitt i løpet av 2025. Bruken av desse nasjonale blandekorta blir imidlertid trua av utvikling av lokal digital beslutningsstøtte, all den tid dei ikkje er integrerte i kurven og ikkje har moglegheit for lokal tilpassing. Dette skal prosjektet gjere noko med - i versjon 2. Målet er at digitale blandekort for barn skal bli «fulldigitaliserte». 

Nettbasert endometrioseskule 

Prosjektleiar: Anne Veddeng, Kvinneklinikken 

Sjukdom og tap av arbeidsevne og livskvalitet på grunn av endometriose og adenomyose er ein av dei største helseutfordringane, og rammar 50-100.000 kvinner i Noreg. Minst 25% av pasientane er heimehøyrande i Helse Vest, og det er målt 5-7 års forsinking i diagnostisering. Mange kvinner står i helsekø for utgreiing av symptom på endometriose/adenomyose. Å legge til rette for at pasientar kan tileigne seg kvalitetssikra informasjon om sjukdom, behandlingsforløp og korleis leve med diagnosen, vil vere eit viktig verkemiddel for å løyse utfordringane. Å etablere ein open nettbasert informasjons- og læringsportal gir ei felles ressurs som alle helseføretak og primærhelsetenesta kan bruke. Prosjektet har som hovudmål å gi kvalitetssikker informasjon til pasientar, pårørande, helsepersonell og andre som har behov for å tileigne seg informasjon om diagnosen. 

KI-assistert dialog med pasientar 

Prosjektleiar: Pål Frønsdal, Forsknings- og utviklingsavdelinga 

KI-assistent til helsepersonell - for asynkron dialog mellom helsepersonell og pasientar, uavhengig av helseprofesjon og pasientgruppe. I prosjektperioden har programvaren eit regionalt innovasjonspotensial. På sikt har den også nasjonalt og internasjonalt skaleringspotensial. 

I innovasjonsprosjektet SkaleringVest er det prøvd ut ein algoritme for å undersøke korvidt KI kan støtte behandlarar i dialogen dei har asynkront med pasientar. For omkring 60% av spørsmåla som kjem inn frå pasientane som dreier seg om praktiske og brukerstøtte-relaterte spørsmål, viser det seg at algoritmen kan svare pasienten direkte og gi fullgode svar i nær sagt alle tilfelle. I eBehandling og andre digitale behandlingsforløp i Helse Vest har ein tatt i bruk asynkron dialog mellom pasientar og helsepersonell. Omkring 50% av tida som blir brukt til dette kan potensielt reduserast. 

Effektiv vurdering av beintetthet og bruddrisiko 

Prosjektleiar: Ellen Margrete Apalset, Revmatologisk avdeling 

I Helse Bergen gjer vi 6500 beintetthetsmålingar/år. Sjukepleiar oppsummerer resultatet og informasjon frå pasientspørreskjema, henvising og journal. Dette brukar legen til si vurdering og for å gi behandlingsanbefaling til fastlege.  

Det er eit stort potensiale for å effektivisere innhenting, strukturering og oppsummering av informasjon. Sjukepleiartid kan reduserast frå 10-15 til 2 minutt og legetid kan også sparast. Vurdering av beintetthetsmålingar skjer allereie etter eit strukturert mønster veleigna for effektivisering. På sikt ønskjer vi også å greie ut KI som beslutningsstøtte ved kompliserte behandlingsforløp for osteoporose. Samarbeids-partnar er KI-miljøet i Helse Vest IKT som har leia arbeidet med ein språkmodell for analyse av medisinske tekstar og saksbehandling. Ein kommersielt tilgjengeleg KI-modell for gransking av eldre CT-bilete kan brukast for å diagnostisere ikkje tidlegare oppdaga ryggbrudd, og dermed behandlingstrengande osteoporose.  

Rett kode på enklare vis 

Prosjektleiar: Pål Ove Vadset, Forskings- og utviklingsavdelinga 

Ei av dei store utfordringane for sjukehusa vert å nytte helsepersonellet og -kronene på best mogleg vis. Det er difor viktig at arbeidstida til helsepersonellet vert brukt så effektivt som råd er, og at det er mogleg å identifisere og overvake uønskt variasjon i bruken av helsetenestene. For å identifisere og overvake uønskt variasjon i bruken av helsetenestene, treng vi gode og pålitelege pasientdata. Alle episodar i sjukehusa vert difor koda med standardiserte kodar som ICD-10 mv. til bruk for styring, kvalitetssikring, finansiering av tenestene, og forsking. Det er difor avgjerande at kodane er rette. Sjølv om kodekvaliteten i sjukehusa er mangelfull (Riksrevisjonen, 2017), og legg beslag på unødig arbeidstid, er ofte opphalda godt summert opp i epikrisene For å forenkle registrering av og betre kvaliteten på den medisinsk kodinga, ønskjer vi difor å utvikle eit KI-verktøy, som – basert på teksten i epikrisene – kan medverke til at kodinga av pasientkontaktane i sjukehuset vert gjort meir korrekt og på ein enklare og meir effektiv måte. Målet er å utvikle eit KI-verktøy som kan automatisk sjekker kvaliteten på medisinsk koding. 

Prehospital Vurderingsenhet (PVE) i Bergen 

Prosjektleiar: Tommy Nybakk, Kirurgisk serviceklinikk 

Ambulanse- og legevaktstenesta står ovanfor fleire utfordringar som krev nye løysingar. Befolkningsvekst og fleire eldre pasientar aukar behovet for helsehjelp utanfor sjukehus, noko som kan legge press på ambulansekapasitet og legevaktstenesta, og føre til lengre responstider for ambulanse og auka ventetid på legevakter. Skrøpelege eldre blir i mangel på andre alternativ sendt til legevakt for vurdering, noko som kan vere ei belastning for den enkelte pasient. Prosjektet skal utrede behovet for ei prehospital vurderingsenhet (PVE) som er bemanna med vaktlege og erfaren paramedisinar på kveldstid etter ein modell brukt i Region Sjælland. I løpet av prosjektets første år planleggast ei samhandlingsreise for å sjå på den danske løysinga. Prosjektets overordna mål er auka brukarmedverknad, skape ei berekraftig utvikling og å redusere overbehandling. 

Pilotering av apotekstyrt legemiddeltilberedning på sengepost 

Prosjektleiar: Øyvind Jørgensen, Helse Bergen HF 

Utfordringar knytt til bemanning er ein av dei største utfordringane helsevesenet står ovanfor. Oppgavedeling kan vere delar av løysinga på bemanningsutfordringane. Apotekpersonale er høgkompetente på tilberedningsarbeid og kan avlaste sjukepleiarar på oppgåver knytt til tilberedning av legemiddel. Ved Stavanger Universitetssjukehus piloterte ein ut apotekstyrt tilberedning på intensiv i 2019, og som no er etablert og vidareført til operasjons- og medisinske sengeposter. Evalueringa viste at kvaliteten på tilberedning blei vedlikehaldt, sjukepleiarane opplevde at kvaliteten på legemiddelkontrollane auka og sjukepleiarane fekk meir tid til pasientnære oppgåver. Det blei også mindre behov for innleige av vikarar. Målet er trygg og effektiv tilberedning av parenterale legemiddel på kirurgisk sengepost gjennom hensiktsmessig oppgavedeling som gir effektiv ressursutnytting og frigjer sjukepleietid til pasientnære oppgåver. 

From Pixels to Practice: Building a Framework for Validation and Impact Assessment of AI tools in Pathology 

Prosjektleiar: Sabine Leh, Helse Bergen HF 

Patologien er i rask endring med overgangen til digital diagnostikk, der vevsprøver analyserast som digitale bilete i staden for gjennom tradisjonell mikroskopi. Helse Vest har vore ein pådrivar i denne utviklinga og fullførte digitaliseringa av sine fire patologiavdelingar i 2022. Dette legg grunnlaget for implementering av kunstig intelligens (KI), som kan auke diagnostisk effektivitet, redusere svartider og optimalisere ressursbruk. 

I 2023 starta Helse Vest eit innovasjonsprosjekt for å anskaffe og implementere to KI-verktøy for diagnostikk av prostatakreft og for måling av proliferasjonsmarkør Ki-67 i brystkreft. Verktøya tas i bruk i 2025, men to store kunnskapshol gjenstår: Korleis skal KI validerast på eige datagrunnlag, og korleis måle effekten av KI i praksis? Dette prosjektet skal utvikle ein valideringsmetodikk og evaluere KI-verktøya sin reelle effekt på diagnostisk nøyaktighet og effektivitet. Prosjektet støttar berekraftig utvikling og ressursbesparande løysingar i helsetenesta og kan bidra til nasjonale og internasjonale retningslinjer. Prosjektets mål er å utvikle eit rammeverk for evaluering av KI-verktøy i patologidiagnostikk, for å sikre nøyaktighet, effektivitet og optimalisering av arbeidsflyten på tvers av patologiavdelingane i Helse Vest. 

Prehabilitering for kreftpasientar 

Prosjektleiar: Thomas Geisner, Kirurgisk klinikk 

Prehabilitering for kreftpasientar - felles læringsportal og nettbasert behandlingsprogram for kreftpakkeforløp innført i eit prehabiliteringsforløp for tjukk- og endetarmskreft ved Gastrokirurgisk avdeling i Helse Bergen. Prosjektet er delt i tre delar og skal: 

1) Etablere ein open læringsportal for prehabilitering av kreftpasientar som har behov for å førebu seg på kreftbehandling og å leve med sjukdommen. Alle læringsressursar i portalen blir publisert på open lisens. 

2) Etablere eit nettbasert behandlingsprogram for prehabilitering av pasientar i forløp for tjukk- og endetarmskreft, der størstedelen av kurset blir gjennomført nettbasert. Programmet blir supplert med fysisk kurssesjon der pasientane får møte eit tverrfagleg team av behandlarar. Behandlingsprogrammet er ein pilot, og skal danne modell for nye nettbaserte behandlingsprogram for prehabilitering av kreftpasientar med andre diagnosar. 

3) Etablere eit eige prehabiliteringsforløp for kreftpasientar i pakkeforløp for tjukk- og endetarmskreft i Bergen. Forløpet er pilot for prosjektet. 

Prosjektet har som mål å gi kreftpasientar betre førebuing til behandling og å leve med sjukdommen, samt å skape ein berekraftig utvikling og redusere overbehandling.