Mohn Synergi Symposium
Tidlegare denne veka gjekk det andre Mohn Synergi-symposiet av stabelen – eit arrangement som samla forskarar frå ulike fagmiljø for å dele kunnskap og innsikt om molekylet PDGFRB. Dette molekylet er ein reseptor som har vist seg å spele ei nøkkelrolle i fleire alvorlege sjukdomstilstandar, mellom anna nevrodegenerative sjukdomar, barneblindheit og ulike former for kreft.

Symposiet blei ein viktig møteplass for idéutveksling og fagleg inspirasjon, og gav deltakarane høve til å utforske korleis tverrfagleg forsking kan bidra til nye gjennombrot.
Alle prosjekta som blei presenterte under årets arrangement er støtta av Trond Mohn forskingsstifting, som gjennom sitt engasjement legg til rette for banebrytande forsking med potensial for stor samfunnsnytte.
Christian Vedeler, instituttleiar ved Klinisk institutt, UiB, ønskte velkomen til symposiet. Deretter følgde helsingar frå Nicholas Nunn, dagleg leiar i Trond Mohn forskingsstifting, og Einar K. Kristoffersen, leiar for Mohn forskingssenter for regenerativ medisin (MRCRM), som begge understreka kor viktig tverrfagleg forsking og nysgjerrigheitsdrivne initiativ er.
PDGFRB frå ulike innfallsvinklar
Hovuddelen av programmet bestod av tre faglege presentasjonar, som på kvar sin måte belyste PDGFRB frå ulike perspektiv.
Henriette Aksnes, mottakar av Trond Mohn Starting Grant og leiar for forskingsgruppa MemBrain, heldt foredraget: PDGFRB in the context of brain calcification. Prosjektet undersøkjer korleis PDGFRB kan vere involvert i kalkdanning i hjernen – noko som kan vere viktig for forståinga av fleire nevrologiske tilstandar.
Cecilie Bredrup, prosjektleiar ved MRCRM, presenterte: The role of temperature on PDGFRB gene variants in human disease. Ho løfta fram eit interessant perspektiv på korleis kroppens ytre temperatur kan påverke aktivering av ulike variantar av PDGFRB-genet. Dette kan vere ein viktig brikke i arbeidet med å forstå kvifor liknande mutasjonar i same gen kan føre til ulik sjukdomsutvikling hos ulike pasientar.
Carina Strell, òg mottakar av Trond Mohn Starting Grant, presenterte arbeidet sitt med: Mapping active PDGFRB signaling in diagnostic tissue sections. Dette prosjektet handlar om å visualisere og kartleggje kvar og korleis PDGFRB er aktiv i vevsprøver – med mål om å bruke dette i diagnostikk eller behandling av ulike kreftformer.
Samarbeid og erfaringsutveksling
Foredragshaldarane, gruppemedlemmene og arrangørane heldt fram samtalane om PDGFRB og moglegheitene for samarbeid og erfaringsutveksling over ein triveleg lunsj.
Det andre Mohn Synergy Symposium i serien blei arrangert av Bergen senter for medisinsk stamcelleforsking (BSMS, UiB) og MRCRM (Haukeland universitetssjukehus og UiB). Seminarserien blei utvikla etter ein idé frå styreleiar og seniorforskar ved BSMS, Gyrid Nygård, og koordinator for MRCRM, Elise Aasebø.