Ny studie skal undersøkje om protonterapi kan gi betre behandling for lungekreftpasientar
Om lag 3300 nordmenn fekk diagnosen lungekreft i 2023. For pasientar med lokalavansert, ikkje-småcellet lungekreft (LA‑NSCLC) i stadium II–III, der svulsten ikkje kan opererast bort, er stråleterapi ein sentral del av behandlinga. No får eit nytt forskingsprosjekt, ENLUCA, full støtte frå Kreftforeininga for å undersøkje om moderne protonterapi kan gi betre behandlingsresultat.

Foto: Marcin Sikora
Forskingsprosjektet ENLUCA: Enhancing lung cancer treatment response with proton therapy får tildelt 8 millionar kroner for perioden 1. januar 2026 til 31. desember 2028. Midlane kjem gjennom Kreftforeininga sitt strategiske program Kortare veg, som har som mål å styrkje kliniske studiar og bidra til at forskingsresultat raskare blir tekne i bruk i pasientbehandling. Heile prosjektbevilginga blir dekt gjennom dette programmet.
Kan protonterapi gi høgare stråledosar og slik redusere tilbakefall?
For pasientar med lokalavansert NSCLC er dagens standardbehandling ofte ein kombinasjon av stråleterapi, cellegift og immunterapi. Innføringa av immunterapi har betra prognosane betydeleg, men framleis får mellom 30 og 40 prosent av pasientane lokale tilbakefall – noko som svekkjer overlevinga.
– Protonterapi kan levere høge stråledosar til svulsten og samstundes skåne omkringliggjande vev. I ENLUCA skal vi undersøkje om vi trygt kan utnytte dette potensialet for pasientar med lokalavansert lungekreft, med mål om å utvikle ei ny og betre behandling som kurerer fleire, seier prosjektleiar Liv Bolstad Hysing.
Auke stråledose utan auka risiko
Med protonterapi kan ein avgrense strålinga meir presist til sjølve svulsten og samstundes skåne friskt vev. Dette gir moglegheit for doseeskalering, altså å auke stråledosen utan å auke risikoen for alvorlege biverknader. I ENLUCA ønskjer forskarane å undersøkje om dette kan gi betre lokal kontroll og sterkare behandlingsrespons.Fase I: testar om behandlinga er trygg og gjennomførbar
I første del av prosjektet, ENLUCA – fase I, vil forskarane undersøkje om det er trygt og gjennomførbart å kombinere doseeskalert protonterapi med immunterapi. Totalt 20 pasientar skal inkluderast.Strålerelaterte biverknader skal overvåkast kontinuerleg ved hjelp av Pocock-grenseverdiar, eit statistisk verktøy som gjer det mogleg å oppdage uvanlege auke i biverknader tidleg. Samstundes vil forskarane analysere dei faktiske stråledosane som blir gitt for å sikre at dosering og leveranse er i tråd med studieprotokollen.