Strategiske satsingar
Utviklar bildediagnostikk med KI med strategiske midlar frå Helse Vest
Prosjektet AI supported services for image-diagnostics in Western Norway (ASIS) hadde oppstartseminar på Bekkjarvik 16. og 17. juni saman med Mohn Medical Imaging and Visualization Centre (MMIV). Dei har fått midlar i satsingskategorien bruk av kunstig intelligens til forbetring av helsetenester.

I overkant av 30 prosjektdeltakarar var førre veke samla på Bekkjarvik for faglege diskusjonar og offisiell opning av ASIS som strategisk satsing.
Forskingsdirektør i Helse Vest, Renate Grüner, overrekte blomar frå Helse Vest og gratulerte prosjektet med midlane.

– Vi i Helse Vest ynskjer å stimulere til ny kunnskap. Vi treng nye, gode diagnostiske verktøy i all pasientbehandling – for å kunne gi avklarande diagnosar, forstå sjukdom og sjukdomsutvikling og vurdere effekt av behandling – og difor treng me prosjekt som dykkar, sa Grüner.
– De har lukkast med å samle gode folk, og har allereie bidratt til utvikling av ny infrastruktur for medisinske bilete nytta i forsking i regionen. Å saumlaust kunne integrere kunstig intelligens i dette vil opne mogleiken til å utforske det siste nye denne teknologien kan bidra med, og potensielt endra måten vi arbeidar på. Takk for at de tek oss med på denne kunnskapsreisa. Eg vil ynskje dykk lukke til.
– Erfaring med implementering og integrasjon i klinikk
Torunn Olsnes var til stades for å gratulere prosjektet på vegner av det Regionale samarbeidsorganet som tildeler Helse Vest-midlane.

Foto: Evelyn Myrå Holmøy
– Med desse midlane ynskjer Samarbeidsorganet å auke kunnskapen, ikkje berre i det spesifikke prosjektet, men at prosjektet skal setje spor vidare ved å bygge nettverk, band og samarbeid utover i regionen. De er eit stort teknologiprosjekt som allereie leverer på dette siste, sa Olsnes.
Prosjektet siktar på å innføre og teste etablerte AI-baserte bildeanalysemetodar frå pågåande prosjekt i klinikk. Det er åtte kliniske prosjekt skildra i søknaden.
– Komiteen legg vekt på at hovedsøkar og miljø er dyktige forskarar med mykje erfaring med implementering og integrasjon i klinikk, og at det er svært god klinisk kompetanse med i alle underprosjekt. Gratulerer med tildelinga og lukke til! avslutta Olsnes.
Tildeling av strategiske midlar til åtte prosjekt
Totalt åtte prosjekt fekk tildelt midlar i potten for strategiske satsingar for 2025-2029. To av prosjekta held til ved Stavanger universitetssjukehus og seks av prosjekta held til ved Haukeland universitetssjukehus. Dei åtte valde prosjekta skal også bidra til betre helsetenester, samarbeid mellom fagfolk og ny kunnskap. Det var 36 søknadar som vart vurderte i denne søknadsrunden.
Strategisk satsing på forsking
Helse Vest gir kvart fjerde år stønad til utvalde forskingsprosjekt. Denne gongen kunne forskarar søke innan fire område:
- Nye behandlingsmetodar
- Bruk av kunstig intelligens og helsedata
- Betre digitale helsetenester
- Hjelp til barn og unge med langvarige helseplager