Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Charalampos Tzoulis får forskingspris for sitt bidrag til norsk hjerneforsking

Charalampos Tzoulis, overlege ved Nevroklinikken ved Haukeland universitetssjukehus og professor ved Universitetet i Bergen, er tildelt Hjernerådet sin forskingspris 2026 for si framifrå forsking på Parkinsons sjukdom og relaterte hjernesjukdommar.

Publisert 25.03.2026
En mann i hvit frakk

Foto: Eivind Senneset

Imponerande engasjement

Kvart år delar Hjernerådet ut ein pris til ein forskar som i særleg grad bidreg til hjerneforskinga og til auka medvit om hjernesjukdommar i Noreg. I år får Charalampos Tzoulis prisen for sin framifrå forskingsinnsats knytt til nevrodegenerative hjernesjukdommar. Arbeidet hans har vore viktig for å auke kunnskapen om dei biologiske mekanismane bak Parkinsons sjukdom og andre nevrodegenerative hjernesjukdommar. Tzoulis’ forsking kombinerer grunnforsking, biomarkørutvikling og kliniske studiar for å betre forstå sjukdom, utvikle nye behandlingsmetodar for dei som er ramma, og på sikt vite korleis desse alvorlege sjukdommane kan førebyggjast.

Belastninga frå hjernesjukdommar er stor, både for den som blir råka, dei pårørande og ikkje minst samfunnet. For å kunne førebyggje og behandle hjernesjukdom meir effektivt, er vi heilt avhengige av dedikerte forskarar som Charalampos Tzoulis. Tzoulis har eit imponerande engasjement og står bak framifrå forsking som verkeleg gjer ein forskjell, seier Henrik Peersen, generalsekretær i Hjernerådet.

Eg er djupt takksam og audmjuk over denne anerkjenninga. Nevrodegenerative sjukdommar representerer ei enorm belastning for enkeltmenneske og samfunnet, og behovet for nye løysingar er presserande. Denne anerkjenninga er først og fremst ei hylling til innsatsen frå dyktige kollegaer, samarbeidspartnarar og ei fantastisk og engasjert pasientgruppe som aktivt deltek i og støttar forskinga. Prisen gir både inspirasjon og forplikting til å føre vidare arbeidet med å utvikle betre diagnostikk, behandling og, på sikt, førebygging, seier professor Charalampos Tzoulis.

Høykvalitets forsking og initiativ

Arbeidet til professor Tzoulis og teamet hans har fått brei anerkjenning, med ei rekkje publikasjonar i leiande vitskaplege tidsskrift og stor suksess i å sikre forskingsfinansiering gjennom svært konkurranseutsette utlysingar. Han leier no fleire store forskingsinitiativ og senter, inkludert Neuro‑SysMed (senter for klinisk forsking på nevrologiske sjukdommar), K.G. Jebsen-senteret for Parkinsons sjukdom og DECODE-PD forskingsgruppa.

I 2025 fekk han tildelt finansiering til to nye forskingssenter med fokus på tidleg oppdaging og førebygging av nevrodegenerative sjukdommar: Mohn-senteret for nevroproteksjon og Innovation Center for Neuroresilience (ICoN). Desse skal – i tillegg til å utvikle behandlingar – rette innsatsen mot personar med auka risiko for sjukdom, men som enno ikkje har utvikla han. Dette gir ei unik moglegheit til å gripe inn tidleg og verne hjernen før irreversible skadar oppstår.

I forskingsgruppa si leier Tzoulis ikkje berre grunnforsking, men òg ein omfattande portefølje av kliniske studiar. Desse inkluderer studiar på personar med Parkinsons sjukdom eller atypiske former for parkinsonisme, og vil no òg rette auka merksemd mot personar med forhøgd risiko. I tillegg leier han to nasjonale forskingsplattformer (SLEIPNIR og HYDRA) som skal akselerere utviklinga av nye behandlingar. Ei plattformstudie er ein type klinisk studie designa for å teste fleire behandlingar samstundes, i staden for å gjennomføre separate studiar for kvar enkelt behandling.

Hans ambisiøse og nyskapande idear har tiltrekt seg sterke nasjonale og internasjonale samarbeid og bidreg til å plassere Noreg i front innan forsking på Parkinsons sjukdom. Samstundes er han oppteken av å sikre reell og tydeleg brukarmedverknad i forskinga si.

Ei tydeleg stemme for auka medvit om hjernesjukdom

Tzoulis er òg ei tydeleg stemme i fagfeltet. Han deltek aktivt på faglege og offentlege arenaer, samarbeider tett med ideelle organisasjonar og er i dialog med nasjonale og internasjonale beslutningstakarar. Gjennom hyppige opptredenar i media bidreg han til å auke medvitet om hjernesjukdommar, og gjer samstundes kompleks vitskap meir tilgjengeleg for eit breiare publikum.

Tzoulis har i vesentleg grad bidrege til auka forståing av Parkinsons sjukdom og relaterte tilstandar, og har vore med på å leggje grunnlaget for meir presis diagnostikk og meir målretta behandlingar. Arbeidet hans er med på å forme ei framtid der hjernesjukdom kan forståast betre, behandlast meir effektivt – og på sikt òg førebyggjast.

Hjernerådet samlar 79 brukarorganisasjonar, fag- og forskingsmiljø i arbeidet for betre hjernehelse i befolkninga. Styrking av hjerneforskinga står sentralt i organisasjonen sitt arbeid med å redusere helsetapet knytt til hjernesjukdom. Hjernerådet sin forskingspris blir delt ut årleg for framifrå hjerneforsking. Prisen er tidlegare tildelt May-Britt og Edvard Moser, Ole A. Andreassen og Geir Selbæk.

Kontakt: generalsekretær Henrik Peersen, 93652539, henrik@hjerneradet.no