Fleire personar med diabetes type 1 har fått betre kontroll på kolesterolet
Stadig fleire vaksne med diabetes type 1 har tilfredsstillande kolesterolverdiar. Samstundes er det store forskjellar mellom sjukehusa, noko som tyder på at kvaliteten på oppfølginga framleis varierer.
Redusert risiko for alvorleg sjukdom
Kvart år blir resultata frå dei nasjonale medisinske kvalitetsregistra publiserte. Resultata frå Norsk diabetesregister for vaksne viser at fleire pasientar når behandlingsmålet for LDL-kolesterol. Haukeland universitetssjukehus er eigar og behandlingsansvarleg for dette registeret.
Personar med diabetes type 1 har auka risiko for hjarte- og karsjukdom. God kontroll på LDL-kolesterol, ofte omtalt som «det dårlege kolesterolet», er derfor ein viktig del av behandlinga. Forhøgde LDL-nivå kan over tid føre til åreforkalking og auke risikoen for alvorlege hendingar som hjarteinfarkt og hjerneslag.
Blant personar med diabetes type 1 i alderen 40 til 79 år utan kjend hjarte- og karsjukdom hadde 67,8 prosent LDL-kolesterol på eller under tilrådd nivå i 2025. Til samanlikning var delen 56 prosent i 2020. Det betyr at stadig fleire får redusert risikoen for alvorleg sjukdom gjennom førebyggjande behandling.
Førebygging før sjukdom oppstår
For personar med diabetes er god kolesterolkontroll ein viktig del av behandlinga, også før det har oppstått hjarte- og karsjukdom. Målet er å førebyggje komplikasjonar og redusere risikoen for framtidig sjukdom.
Resultata tyder på at diabetespoliklinikkane i aukande grad lukkast med dette arbeidet. Samstundes er det framleis rom for forbetring.
For pasientar med kjend hjarte- og karsjukdom er behandlingsmålet for LDL-kolesterol lågare, og dermed meir krevjande å oppnå. I 2025 nådde 55,4 prosent av desse pasientane målet.

Kvalitetsforbetring gir resultat
Den positive utviklinga kjem ikkje av seg sjølv. I 2021 starta Norsk diabetesregister for vaksne eit nasjonalt forbetringsprosjekt der 23 av 52 diabetespoliklinikkar deltok. Målet var at fleire personar med diabetes type 1 skulle nå behandlingsmålet for kolesterol.
Klinikkane fekk tilgang til oppdaterte resultat og kunne samanlikne eigne data med resultata frå andre sjukehus. Dette gav grunnlag for eit målretta arbeid med å identifisere pasientar som kunne ha nytte av tettare oppfølging eller meir intensiv behandling.
Det blei også arrangert fysiske møte og webinar med foredrag om betydninga av å senke LDL-kolesterol, handtering av opplevde og faktiske biverknader ved statinbehandling, og korleis helsepersonell kan møte og handtere statinskepsis i befolkninga. Desse tiltaka bidrog til auka merksemd om førebygging av hjarte- og karsjukdom hos personar med diabetes.
Resultata kom raskt. Av dei 23 deltakande poliklinikkane forbetra 18 resultata sine i løpet av prosjektperioden. Fleire har halde fram med den positive utviklinga også etter at prosjektet blei avslutta.
Store forskjellar mellom sjukehusa
Sjølv om utviklinga nasjonalt går i rett retning, viser årsrapporten at det framleis er store forskjellar mellom sjukehusa.
Når resultata blir synlege, kan klinikkar lære av kvarandre og hente inspirasjon frå dei som lukkast best.
Ved Haukeland universitetssjukehus har ein aktivt teke i bruk dashboard-kurver for å overvake utviklinga og samanlikne eigen praksis med andre klinikkar i Noreg. I tillegg har konkrete pasientkasus blitt drøfta i fagmiljøet, noko som har styrkt det faglege fokuset på LDL og statinbehandling.
Eit anna døme er diabetespoliklinikken i Bodø. Der har fagmiljøet arbeidd målretta med kolesteroloppfølging sidan 2021. Blant pasientar utan kjend hjarte- og karsjukdom auka delen som nådde behandlingsmålet frå 45,7 prosent i 2020 til 69,1 prosent i 2025.
– Dette viser at målretta kvalitetsarbeid nyttar. Når klinikkane bruker eigne data aktivt, blir det lettare å identifisere pasientar som treng vurdering av behandling og å følgje med på om tiltaka gir resultat, seier Tone Vonheim Madsen, assisterande registerleiar i Norsk diabetesregister for vaksne.
Data som bidreg til betre behandling
Norsk diabetesregister for vaksne samlar inn data frå diabetespoliklinikkar over heile landet. I 2025 omfatta registeret 94 prosent av vaksne med diabetes type 1 som blir følgde opp ved norske diabetespoliklinikkar.
Den høge dekningsgraden gjer det mogleg å følgje utviklinga i diabetesbehandlinga over tid, og gir helsepersonell eit presist bilete av kvar behandlinga fungerer godt, og kvar det er behov for forbetring.
Resultata for LDL-kolesterol er eit døme på korleis nasjonale medisinske kvalitetsregister kan bidra til betre pasientbehandling. Registeret dokumenterer framgang, synleggjer forskjellar og gir fagmiljøa kunnskap som kan brukast til å forbetre helsetenesta.