Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Digital portal for meir rettferdig tilgang til legemiddel

Norske sjukehus har finansieringsansvar for ei rekkje kostbare legemiddel, inkludert tilgang til legemiddel som ikkje inngår i det ordinære behandlingstilbodet. Ulike lokale rutinar har gjort systemet uoversiktleg, og kan gi uønskt variasjon i pasientbehandlinga. No kan ei ny digital løysing forbetre dette.

Helena Heimstad
Publisert 01.06.2026
En mann og en kvinne sitter ved et skrivebord foran en datamaskin

Foto: Katrine Sunde

Tormod Karlsen Bjånes og Jannicke Slettli Wathne har utvikla legemiddelsoknader.no, med eit ønske om å leggje betre til rette for likebehandling av pasientar.

Risiko for uønska variasjon 

Legemiddelsoknader.no er utvikla i Helse Vest, og blir leidd av Jannicke Slettli Wathne, spesialrådgivar og farmasøyt, ph.d., og Tormod Karlsen Bjånes, overlege, ph.d., begge frå Helse Bergen. 

– Vi forstod tidleg at systema vi hadde ikkje var gode nok. For både pasientar og helsepersonell var det nødvendig med ei meir einsarta løysing som kan leggje betre til rette for likebehandling, seier Wathne. 

Når legar ønskjer å behandle pasientar med legemiddel som ikkje er innførte i Noreg for ein aktuell diagnose, må dei søkje sjukehuset sin fagdirektør om godkjenning. Søknader vart tidlegare behandla på papirskjema eller via epost, og kvart helseføretak hadde sine eigne rutinar.

Legar måtte ofte kontakte andre sjukehus for å vite om liknande søknader alt var vurderte andre stader. Prosjektleiarane fortel at mykje var uoversiktleg og lite transparent, noko som førte til ulik praksis og risiko for uønskt variasjon. 

Spiren til eit nasjonalt prosjekt 

I 2022 fekk prosjektet sine første såkornmidlar. Det vart starten på kartlegging av brukarbehov og utviklinga av ein prototype for ei felles digital søknadsløysing. Prototypen var viktig for å tydeleggjere prosjektideen og korleis løysinga kunne redusere manglane i dagens system.

– Det vart raskt klart at behovet var nasjonalt og kravde ei felles løysing, seier Wathne. Då prosjektet seinare fekk innovasjons- og utviklingsmidlar, var kursen sett: Løysinga skulle dekkje alle sjukehusa i Noreg. 

En mann og en kvinne som smiler til kamera

Foto: Katrine Sunde

Den digitale portalen vart sett i drift i 2025 og blir no rulla ut nasjonalt. Løysinga handterer søknadsbasert, sjukehusfinansiert legemiddelbehandling.

Ein nasjonal portal med eit felles mål 

Resultatet er legemiddelsoknader.no, ein digital portal som samlar heile søknadsprosessen i éi felles plattform. Søknader går no gjennom ein elektronisk flyt bak sikker innlogging, frå behandlande lege til fagansvarleg, til leiingsforankring og vidare til ein vurderingskomité. Løysinga vart først lansert i Helse Vest hausten 2025.

Oslo universitetssjukehus har no teke ho i bruk, og dei andre helseføretaka i Helse Sør- Aust følgjer tett etter, medan Helse Midt-Noreg og Helse Nord startar innføringa i løpet av våren 2026. Også Nye Metodar skal fremover nytte løysinga, då for behandling av søknader innan Tilgangsordninga. Helse Bergen og Helse Vest IKT har ansvar for nasjonal drift og vidareutvikling.

Legar, farmasøytar, juristar, økonomar, UXdesignarar og ITutviklarar samarbeider tett om prosjektet. Brukarhistorier frå klinikarar legg grunnlaget for designet, og interaktiv utvikling sørgjer for at løysinga blir testa mot praksis. 

– Å utvikle ei god digital løysing handlar like mykje om kultur og samarbeid som teknologi. Vi må forstå kvarandre sine perspektiv og jobbe mot eit felles mål, seier Bjånes. 

Lik behandling av like saker 

Løysinga gjer vurderingane meir føreseielege og synlege. Via ei anonymisert nasjonal oversikt kan helseføretaka sjå liknande saker som er vurderte andre stader, utan at sensitiv informasjon blir delt.

Dette kan redusere uønskt variasjon og styrkje pasienttryggleiken. For legar betyr portalen ein trygg, standardisert og meir effektiv arbeidsflyt som følgjer ein fast og sikker prosess. 

Eit løft for prioritering og kunnskap 

Wathne fortel at det på sikt er eit ønske om å etablere eit nasjonalt helseregister knytt til portalen, som kan samle data om pasientforløp ved legemiddelbehandling som krev søknad. Dette kan gi heilt nye moglegheiter for forsking, kvalitetssikring og prioriteringsarbeid, seier ho. 

– Dette prosjektet viser kor langt vi kan kome når vi jobbar saman mot eit felles mål. Slik håpar vi at digitalisering kan styrkje pasienttryggleiken og gjere helsetenesta meir rettferdig, konkluderer Bjånes.