Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Forsking tatt i bruk – frå kunnskap til praksis: Helse Vests forskingskonferanse 2025

Korleis sikrar vi at forsking kjem pasientane til gode i spesialisthelsetenesta? Det var hovudtema då Helse Vest samla forskarar, klinikarar og leiarar til årets forskingskonferanse 20-21.november. – Vi må ikkje berre produsere kunnskap – vi må ta den i bruk, sa fagdirektør i Helse Vest, Bjørn Egil Vikse, då han opna konferansen.

Publisert 04.12.2025
En gruppe mennesker med sertifikater
Vinnarane under forskingskonferansen torsdag kveld. Frå venstre står fagdirektør i Helse Vest RHF, Bjørn Egil Vikse, nestleiar i styret i Helse Vest RHF, Oddvar Kaarbøe, Tormod Bjånes og Jannicke Wathne, vinnarane av innovasjonsprisen, Øystein Eikrem, vinnar av årets unge forskar, vinnar av årets forskar, Christian Beisland og administrerande direktør ved Haukeland universitetssjukehus, Eivind Hansen

Samarbeid gir resultat 

Regionalt og nasjonalt samarbeid var eit gjennomgåande tema på konferansen. Fagdirektøren kunne fortelje at En Vei Vest-modellen har styrkt samarbeidet om industristudiar og akademiske legemiddelstudiar, og at talet på innmelde industrikontraktar er aukande. Samstundes er helseforskinglova nyleg revidert for å styrkje rettsvern og betre bruk av helsedata. Ei ny nasjonal fellesteneste (NVA) for registrering og tilgjengeleggjering av forsking er etablert, og ein innovasjonsindikator skal gi betre måling av aktivitet framover, fortalde Vikse innleiingsvis. 

Handlingsplan for kliniske studiar 

Maiken Engelstad, avdelingsdirektør i Helse- og omsorgsdepartementet, presenterte arbeidet med revisjonen av den nasjonale handlingsplanen for kliniske studiar. Den nye planen blir meir komprimert og med eit langsiktig perspektiv: Om ti år skal klinisk forsking vere ein integrert del av helsetenesta. Planen vidarefører ambisjonsnivået og legg vekt på betre bruk av data i elektronisk pasientjournal, utvikling av NorTrials og fast-track industristudiar, samt ein kultur for kontinuerleg kunnskapsgenerering. – Det er viktig at effekten av behandling blir dokumentert systematisk, understreka Engelstad.

En person som holder en presentasjon for et publikum
Bjørn Egil Vikse ønskte velkomen til konferansen på Solstrand.

Frå forsking til praksis 

Årets tema blei konkretisert gjennom fleire innlegg med perspektiv frå klinikkane. Forskar ved Divisjon for psykisk helsevern, Robin Maria Kenter, viste korleis terapeutretta internettbehandling kan gi likeverdig helsehjelp, og minna om at berre 5–15 prosent av forskingsbaserte innovasjonar blir tekne i bruk. Kenter understreka at implementering krev god leiarstøtte, kulturtilpassing og datadrevne tilbakemeldingar. Per Morten Sandset, professor ved Universitetet i Oslo, belyste utfordringar med variasjon i kvalitet på helsedata og peikte på at etableringa av den nasjonale infrastrukturen NORTRE frå 2026 og samarbeid med European Open Science Cloud og European Health Data Space vil opne for nye moglegheiter på dette feltet. Ole Tjomsland, dr. med., Helse Sør-Øst og førsteamanuensis II i helsevitenskap ved Universitetet i Stavanger, presenterte korleis «kliniske dashboard» kan bidra til å redusere overbehandling. 

Forsking som forbetrar pasientoppfølging 

Marjolein M. Iversen, prodekan for forsking ved Høgskulen på Vestlandet, presenterte DiaBEST-prosjektet, som har hovudfokus på dei psykososiale sidene ved det å leve med diabetes eller annan kronisk sjukdom. Forskargruppa bidreg til utvikling av nasjonale og internasjonale retningsliner og fagprosedyrar. John Roger Andersen, professor ved Høgskulen på Vestlandet, og Kirsten Indrebø, forskingskoordinator og spesialsjukepleiar ved Helse Førde, delte erfaringar med digitale tilbakemeldingssystem for stomiopererte, der bruken av pasientrapporterte resultatmål (PROMS) har modnast, og berekraftige plattformer med god funksjonalitet er avgjerande. 

Panelsamtale og prisutdeling 

Første dag av konferansen blei avrunda med ein panelsamtale leia av forskingsdirektør i Helse Vest, Renate Grüner, med deltakarar frå både departement, sjukehus og akademia. På kvelden blei det delt ut prisar til årets forskar, årets innovasjon og årets unge forskar i Helse Vest. 
– Alle vinnarane representerer banebrytande og viktig forsking og innovasjon. Nye løysingar og ny kunnskap gir betre behandling, meir presise metodar og auka livskvalitet for pasientane. – Og som tidlegare nyreforskar er det ekstra stas å gratulere årets vinnarar, sa Bjørn Egil Vikse. 

Christian Beisland – Årets forskar 

Christian Beisland, avdelingssjef og overlege ved Haukeland universitetssjukehus og professor ved Universitetet i Bergen, mottok prisen for sitt banebrytande arbeid innan urologisk forsking. Gjennom kombinasjonen av klinisk praksis, leiing og forsking har han bidrege til tryggare og meir persontilpassa behandling. 
– Det er svært hyggeleg å oppleve at arbeidet blir anerkjent. Prisen gir inspirasjon til å halde fram med kombinasjonen av leiing, klinisk arbeid og forsking, seier Beisland. Han framhevar at forskinga har styrkt fagmiljøet, og peikar på geriatrisk urologi og persontilpassa behandling som viktige satsingsområde framover. 

En gruppe mennesker med sertifikater
Årets vinnare, (f.v) Tormod Bjånes, Jannicke Wathne, Øystein Eikrem og Christian Beisland.

Jannicke Wathne og Tormod Bjånes – Årets innovasjon 

Innovasjonsprisen gjekk til Jannicke Slettli Wathne og Tormod Karlsen Bjånes ved Haukeland universitetssjukehus for utviklinga av den digitale portalen Legemiddelsøknader.no. Løysinga gir norske sjukehus ein felles og effektiv måte å handtere søknader om kostbare og utprøvande legemiddel – med mål om å forenkle og forbetre. – Det er ei stor ære å motta prisen, og vi håpar den kan bidra positivt i det vidare arbeidet med implementering og bruk av løysinga, seier Wathne og Bjånes. Portalen skal sikre lik vurdering av søknader uavhengig av bustad og bidra til meir rettferdig ressursfordeling. Når løysinga er i bruk ved alle norske sjukehus i løpet av 2026, er vidareutvikling planlagt, mellom anna med etablering av eit helseregister for forløpsdata. 

Øystein Solberg Eikrem – Årets unge forskar 

Prisen for Årets unge forskar gjekk til Øystein Solberg Eikrem, overlege ved seksjon for nyresjukdommar på Haukeland og førsteamanuensis ved Universitetet i Bergen. Han har utvikla nye metodar for genanalysar av nyrebiopsiar og teke i bruk kunstig intelligens i samarbeid med internasjonale forskingsmiljø.

– Det er ei stor ære å få anerkjenning for all den jobben som er lagt ned over det siste tiåret. Prisen gir sterk motivasjon til å satse endå høgare framover, seier Eikrem. 

Forskinga hans gir grunnlag for meir presis diagnostikk og persontilpassa behandling av nyresjukdommar. Arbeidet har mellom anna vist at formalinfikserte biopsiar kan brukast til avanserte molekylære analysar, noko som opnar patologiarkiv fleire tiår tilbake. Eikrem har òg bygd opp eit sterkt forskingsmiljø som blei kåra til årets forskingsmiljø ved Det medisinske fakultet i 2024. 

– Forsking og innovasjon er heilt avgjerande for å utvikle helsetenesta. Nye løysingar og ny kunnskap gir betre behandling, meir presise metodar og auka livskvalitet for pasientane, seier Bjørn Egil Vikse, fagdirektør i Helse Vest RHF.