Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Kan mildare behandling gi eldre med leukemi nytt håp?

Akutt myelogen leukemi (AML) er ein alvorleg blodkreft som særleg rammar dei over 65 år, og mange i denne pasientgruppa toler ikkje den vanlege intensive cellegiftbehandlinga. Det ønskte forskar Bjørn Tore Gjertsen ved Haukeland universitetssjukehus å gjere noko med.

Helena Heimstad
Publisert 01.06.2026
Fire personer som smiler i et behandlingsrom

Foto: Katrine Sunde

Studien vart gjennomført ved Klinisk forskingspost ved Haukeland universitetssjukehus. Frå venstre: Gro Gausdal, Bjørn Tore Gjertsen, Hilde Sælensminde og Torill Våge.

Ei ny retning 

I jakta på meir skånsame behandlingsmetodar gjorde Gjertsen og forskargruppa ei uventa oppdaging. Ein ny medisin som hemmar proteinet AXL i leukemicellene, viste seg nemleg å ha eit lovande potensial. 

– Behandlinga for eldre AMLpasientar har vore for tøff for mange. Vi trong noko meir skånsamt, seier Gjertsen. 

Samtidig utvikla selskapet BerGenBio ein ny medisin, AXLhemmaren bemcentinib. AXL er eit signalprotein som kan hjelpe kreftceller å overleve. Ei AXL-hemmar hindrar dette signalet slik at kreftcellene blir meir kjenslevare for behandling.

Dette vart starten på studien, der Haukeland universitetssjukehus tok ei nøkkelrolle. Gjertsen og teamet hans gav medisinen til den aller første pasienten i studien. Dette vart eit viktig steg mot eit breitt internasjonalt samarbeid. 

Krevjande oppstart med tett oppfølging 

Pasientane som deltok, var ofte svært sjuke og kom frå heile landet. Oppstartsfasen kravde omfattande koordinering mellom klinikarar, forskarar og støttepersonell for å sikre god gjennomføring. 

– Det er krevjande å etablere tidlegfasestudiar for så alvorleg sjuke pasientar. Dei første rundane lærte oss mykje om kva som skal til, seier Gjertsen. 

Klinisk forskingspost ved Haukeland følgde pasientane tett gjennom heile behandlingsforløpet, overvaka biverknader og justerte behandlinga ved behov. Erfaringane frå oppstartsperioden la grunnlaget for den sterke utprøvingskapasiteten sjukehuset seinare har blitt kjent for. 

Gode resultat for eldre pasientar 

Studien voks raskt og omfatta også deltakarar frå Tyskland, USA og Italia. Resultata var lovande: Bemcentinib, både åleine og i kombinasjon med cellegift, vart godt tolerert av denne pasientgruppa. Nokre av pasientane var i studien i to år og hadde openbert nytte av bemcentinib. 

– Analysane viste at AXL faktisk vart hemja, slik vi håpte. Det var eit viktig funn, seier Gjertsen. 

En mann i hvit frakk som smiler til kamera

Foto: Katrine Sunde

Prosjektleiar Bjørn Tore Gjertsen meiner potensialet ved bruk av medisinen bemcentinib framleis er stort. 

Betre kunnskap og nye verktøy 

Erfaringane frå studien har gitt norske legar betre innsikt i korleis mildare behandlig kan brukast hos eldre AML-pasientar, og kunnskapen er allereide teken i bruk i klinikkar rundt om i landet. 

– Vi har blitt betre til å bruke mild livsforlengjande behandling, som er rimeleg og som held pasientane ute av sjukehus. Bemcentinib ville vere perfekt å ha i denne verktøykassa. 

Dessverre har vidare utvikling av bemcentinib gått seinare enn forskarane håpa, og nye studiar er nødvendige før medisinen kan takast i brei bruk, fortel Gjertsen. Han meiner potensialet framleis er stort. Bemcentinib kan bli særleg viktig i kombinasjonar, eller hos utvalde pasientar der AXLhemming gir størst effekt, seier Gjertsen. 

Moglegheit til å hjelpe dei svakaste pasientane 

For mange av deltakarane gav behandlinga meir enn målbare resultat. Ho gav ekstra tid, tryggleik og håp i ein sårbar periode. 

Gjertsen fortel at slike resultat berre er moglege når forskarar, klinikarar, industripartnarar og pasientar samarbeider tett. 

– Vidare utvikling av bemcentinib ville gitt fleire moglegheiter til å hjelpe dei svakaste pasientane med akutt leukemi, legg han til. 

Data frå studien viser at bemcentinib er ei skånsam behandling som blir godt tolerert av eldre og sårbare pasientar, og funna peikar mot ei mogleg rolle i framtidige kombinasjonsbehandlingar. Erfaringane frå studien bidreg allereie til betre behandling av norske AML-pasienter i dag, og publikasjonen frå studien har også gjort Noreg mei attraktivt for utprøving av leukemimedisin.  

– Dette er satsingar som gir oss reell moglegheit til å utvikle bemcentinib eller liknande medisinar til våre leukemipasientar, seier Gjertsen.