Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Kvinnehelsekonferanse løfta fram ny forsking og ubesvarte spørsmål

Kva skjer eigentleg med hjartet under eit svangerskap, og kvifor blir kvinner oftare ramma av autoimmune sjukdomar? Kva betydning kan overgangsalderen ha for deltaking i arbeidslivet, sjukefråvær og arbeidsevne? Dette var nokre av spørsmåla som stod på agendaen då forskarar frå Noreg og fleire andre europeiske land møttest til konferanse om kvinnehelseforsking i Bergen.

Publisert 06.11.2026
En gruppe mennesker som sitter i stoler
Foto: Mauricio Pavez og Tora Andersen – Høgskulen på Vestlandet
Konferansen, som vart arrangert av Driv – senter for kvinnehelseforsking, gav innblikk i eit forskingsfelt som arbeider med å tette viktige kunnskapshol innan kvinnehelse. Mange av problemstillingane krinsa kring ei felles erkjenning: Medisinsk forsking har ikkje alltid teke tilstrekkeleg omsyn til biologiske og sosiale forskjellar mellom kvinner og menn. Målet med forskinga er å sikre at alle sider ved kvinnehelse blir forstått, behandla og prioriterte på lik linje med andre helseområde.

Kjønn kan påverke både risiko og behandling

På kvinnehelsekonferansen vart det sett søkjelys på område som lenge har fått avgrensa merksemd i medisinsk forsking. Gjennom foredrag og diskusjonar kom både nye forskingsfunn og viktige kunnskapshol til syne.

Konferansen vart opna av rektor Margareth Hagen ved Universitetet i Bergen. Deretter innleidde professor Eva Gerdts, leiar for Senter for forsking på hjartesjukdom hos kvinner, med eit foredrag om betydninga av forsking på hjartesjukdom hos kvinner.

Hjartesjukdom er ei av dei største helseutfordringane i Noreg, men risiko, sjukdomsforløp og tilgang til behandling varierer mellom ulike grupper i befolkninga. Gerdts peika på at kvinner er blant dei som blir særleg hardt ramma.

Eva Gerdts er professor i kardiologi ved Universitetet i Bergen og overlege ved avdeling for hjartesjukdomar, Haukeland universitetssjukehus.  

Foto: Mauricio Pavez og Tora Andersen – Høgskulen på Vestlandet

– Forsking viser at kvinner ofte har meir avgrensa tilgang til helsetenester, samstundes som dei i gjennomsnitt har lågare inntekt og utdanningsnivå enn menn i utsette grupper. For eldre kvinner med hjartesjukdom kan avhengigheit av familie og omsorgspersonar òg påverke moglegheita til å få nødvendig oppfølging og behandling, fortalde ho.

Seinare følgde innlegg om korleis hjartet tilpassar seg under graviditet, mellom anna ved Ornella Manfra frå Oslo universitetssjukehus, og om betydninga av østrogen for hjartehelsa ved Vera Sommers frå Universitetet i Oslo og Oslo universitetssjukehus. Til saman viste foredraga korleis biologiske, hormonelle og sosiale faktorar kan påverke kvinners hjartehelse gjennom ulike livsfasar.

Graviditet kan fortelje meir enn vi trur

Ein stor del av programmet var vigd til graviditet og svangerskapsrelaterte tilstandar. Blant foredragshaldarane var Marc Vaudel frå Universitetet i Bergen, som presenterte forsking på genetikk og metabolsk helse under svangerskapet.

Arbeidet byggjer på data frå Den norske mor, far og barn-undersøkinga (MoBa), som omfattar rundt 100 000 svangerskap registrerte mellom 1998 og 2008.

Foto: Mauricio Pavez og Tora Andersen – Høgskulen på Vestlandet

Vaudel presenterte mellom anna funn knytte til samanhengen mellom svangerskapskvalme og fødselsvekt, og viste korleis genetiske analysar kan bidra til meir kunnskap om årsaker til og konsekvensar av svangerskapsrelaterte helseutfordringar. Han trekte òg fram at alvorleg svangerskapskvalme kan ha betydelege konsekvensar for helsa og livskvaliteten til den gravide.

Anne Cathrine Staff frå Universitetet i Oslo og Oslo universitetssjukehus tok for seg korleis signal frå morkaka kan påverke utviklinga av svangerskapsforgifting, medan Ksenia Kuznetsova presenterte forsking på genetiske faktorar knytte til vektutvikling under og etter svangerskapet.

Fleire av innlegga tok utgangspunkt i tanken om at komplikasjonar under graviditeten ikkje berre er hendingar som oppstår der og då, men òg kan gi viktig informasjon om helsa til kvinna og fosteret seinare i livet.

Autoimmune sjukdomar og andre helseutfordringar

Konferansen vigde òg stor merksemd til sjukdomar som rammar kvinner særleg ofte eller på andre måtar enn menn.

Marie Wahren-Herlenius frå Karolinska Institutet heldt eit hovudforedrag om kjønnsforskjellar ved autoimmune sjukdomar, medan Kathrine Skarstein frå Universitetet i Bergen presenterte forsking på Sjøgrens sjukdom, ein revmatisk sjukdom med kronisk betennelse som fører til tørre slimhinner og redusert væskeproduksjon.

Marie Wahren-HerleniusFoto: Mauricio Pavez og Tora Andersen – Høgskulen på Vestlandet

– Meir enn 90 prosent av dei som blir ramma av denne sjukdommen, er kvinner, fortalde Wahren-Herlenius.

Det vart òg presentert forsking på ei rekkje andre kvinnehelsetema, mellom anna brystkreft hos unge kvinner, prematur ovariesvikt og myalgisk encefalomyelitt/kronisk utmattingssyndrom (ME/CFS).

Kvinnehelse handlar òg om arbeid og økonomi

Kvinnehelsekonferansen handla ikkje berre om sjukdom og behandling. Gjennom dagen vart det òg retta merksemd mot korleis helseutfordringar påverkar kvinners kvardag, arbeidsliv og økonomi.

Deirdre Daly frå Trinity College Dublin snakka om betydninga av å lytte til erfaringane til gravide kvinner og la desse påverke politikk og praksis. Anita Prante og Silje Mæland presenterte forsking om overgangsalder i arbeidslivet, medan professor Rita Ginja ved Universitetet i Bergen belyste dei samfunnsøkonomiske kostnadene knytte til kvinnehelse.

Dette viste korleis kvinnehelse i aukande grad blir forstått som meir enn eit medisinsk spørsmål. Det handlar òg om deltaking i arbeidslivet, livskvalitet og moglegheita til å leve gode liv gjennom ulike livsfasar.

Framleis mange ubesvarte spørsmål

Konferansen gav ikkje eitt samla svar på utfordringane innan kvinnehelse. Tvert imot synte han kor mange spørsmål som framleis manglar svar.

Men han synte òg eit forskingsfelt som er i ferd med å rette søkjelyset mot område som lenge har fått mindre merksemd.

Foto: Mauricio Pavez og Tora Andersen – Høgskulen på Vestlandet

Enten temaet var hjartesjukdom, graviditet, overgangsalder eller autoimmune sjukdomar, gjekk éi erkjenning att gjennom dagen: Skal kvinner få best mogleg helsehjelp, må vi òg forstå betre korleis sjukdomar oppstår, utviklar seg og blir opplevde gjennom ulike fasar av livet.

Konferansen vart avslutta med ein paneldebatt om brukarmedverknad i forsking og ei oppsummering ved Anette Bøe Wolff, fagleg leiar for Driv – Senter for kvinnehelseforsking.