Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Nasjonal konferanse om kvinnehelseforsking i Bergen

Over 200 forskarar, helsearbeidarar og beslutningstakarar frå heile landet deltok då Driv – Senter for kvinnehelseforskning ved Universitetet i Bergen arrangerte den første nasjonale konferansen om kvinnehelseforskning.

Publisert 06.11.2025
Sist oppdatert 07.11.2025
En person som står foran en folkemengde

Foto: Eivind Senneset

Gjennom ein heil dag med faglege innlegg, forskingspresentasjonar og diskusjonar vart det tydeleg at kvinnehelse er eit fagfelt i rask utvikling

Sterke fagmiljø

– Kvinnehelse angår alle, og det er på høg tid at forskinga speglar det, sa Marit Bakke, styreleiar i Driv og dekan ved Det medisinske fakultetet ved Universitetet i Bergen, då ho ønskte velkomen til opninga av konferansen.

Saman med Kjell-Morten Myhr, professor og viserektor ved Universitetet i Bergen, og byrådsleiar samt leiar for kvinnehelseutvalet, Christine Meyer, retta ho ei særskild takk til forskarane som gjennom langvarig og dedikert innsats innan kvinnehelseforskning har bidrege til å etablere Driv.

Christine Meyer løfta fram dei sterke fagmiljøa i Bergen innan kvinnehelse, og viste til erfaringane frå kvinnehelseutvalet si reise rundt i landet.

– Då kvinnehelseutvalet reiste rundt i Noreg for å få innspel til NOU-arbeidet, var bergensmiljøet det mest komplette og samansette fagmiljøet innan kvinnehelse, sa Meyer.

En gruppe mennesker som poserer for et bilde

Foto: Eivind Senneset

Kjell-Morten Myhr, Christine Meyer og Marit Bakke ønskte deltakarane velkomne til konferansen.

Driv – Senter for kvinnehelseforsking skal fremje forsking som bidreg til å eliminere kjønnsbaserte ulikskapar i helsevesenet. Målet med forskinga er at alle aspekt av kvinnehelse blir forstått, behandla og prioriterte på lik linje med andre helseområde.

Offisiele partnarar i Driv – Senter for kvinnehelseforsking, er Universitetet i Bergen, Helse Bergen, Høgskulen på Vestlandet, Bergen kommune og Haraldsplass diakonale sjukehus. I tillegg blir senteret støtta økonomisk av Trond Mohn forskningsstiftelse, Grieg Foundation, Kreftforeningen, Forskningsrådet og Norske kvinners Sanitetsforening.

Frå historiske perspektiv til ny kunnskap

Første del av konferansen sette kvinnehelse inn i eit samfunnsperspektiv. Professor emerita Kirsti Malterud ved UiB gav eit tilbakeblikk på utviklinga og arbeidet med kvinnehelseforskning i Noreg.

– For å forstå notida og for å kunne vere strategiske i framtida, må vi lære av historia. Det er viktig å ha eit kjønnsperspektiv på helse dersom vi skal forstå kvinnehelse, sa Malterud.

Vidare i sesjonen presenterte forskarar frå EUPATI og NORCE høvesvis nye funn om brukarmedverknad og kjønnsforskjellar i arbeidslivet etter depresjon.

Stein Frostad, overlege ved Haukeland universitetssjukehus, fortalde om ny forsking på samspel mellom tarm og hjerne hos personar med anoreksi – ein sjukdom som rammar kvinner i heile 95 prosent av tilfella. Studiane viser at vekttap påverkar samansetjinga av tarmbakteriar, og at dette kan ha stor betydning for både symptom og behandling.

En mann som taler på et podium

Foto: Eivind Senneset

Stein Frostad fortalde at forskinga peikar på eit betydeleg forbetringspotensial i korleis anoreksi vert behandla i dag.

Sjukdomsmekanismar og kliniske gjennombrot

Neste sesjon handla om sjukdomsmekanismar innan kvinnehelse, der professor Karl Johan Tronstad ved UiB presenterte nye hypotesar om årsakene til kronisk utmattingssyndrom (ME/CFS). Forskarar frå Universitetet i Bergen delte også ny innsikt i enzym sin rolle i sjukdomsutvikling og strategiar for å overvinne behandlingsresistens ved eggstokkreft.

Seinare på dagen viste professor Emma Crosbie frå University of Manchester korleis førebygging av overvekt kan bidra til å redusere risikoen for livmorkreft, medan forskarar frå Bergen og Oslo delte ferske data om migrene, hormon, endometriose og traume.

Jone Trovik ved UiB/Helse Bergen presenterte korleis det å inkludere preoperativ hormonreseptorstatus i den tradisjonelle risikovurderinga reduserer behovet for lymfeknuteoperasjon utan å svekkje overlevinga ved livmorkreft.

Lynføredrag: Kvinnehelse i breitt perspektiv

Det vart også halde lynføredrag under konferansen. Her vart det presentert studiar som spenner frå molekylær kreftbehandling til samfunnsmedisinske perspektiv på kvinners liv etter alvorleg sjukdom. Desse prosjekta synte korleis kvinnehelseforskning favnar både biologiske mekanismar, kliniske utfordringar og sosiale dimensjonar – og understrekar kor viktig tverrfagleg innsats er for å møte kvinners helsebehov.

En person som står på et podium

Foto: Eivind Senneset

Line Bjørge leia ei av sesjonane med lynføredrag. Her presenterer Oddrun Kristiansen forsking på om vekta til placenta er ein god indikator for placenta si endokrine og metabolske funksjon.

Frå lab til pasient – translasjonell forsking i fokus

Eit sentralt tema for dagen var korleis forskingsfunn raskare kan takast i bruk i klinisk praksis. Professor Camilla Krakstad ved UiB/Driv heldt eit keynote-føredrag om kvifor translasjonell forsking er avgjerande for pasientbehandling, og korleis innsikt i biomarkørar som proteinet vimentin kan føre til meir persontilpassa kreftbehandling.

Det vart også presentert nye studiar innan mellom anna immunterapi ved eggstokkreft, genetiske funn ved endometriose og kjønnsspesifikke mekanismar ved autoimmune sjukdomar.

Korleis får vi forskinga ut i praksis?

Med over førti forskingsbidrag, tre internasjonale keynote-føredrag og brei deltaking frå heile helsetenesta, vart konferansen eit tydeleg prov på at kvinnehelse no står høgt på dagsorden.

– Det som etter mi meining set denne konferansen i ei særstilling, er den imponerande faglege breidda i kvinnehelseforskninga i miljøa knytt til Driv – Senter for kvinnehelseforskning – frå translasjonsforsking, kliniske og biomedisinske studiar til samfunnsmedisinsk forsking – som samla gir eit heilskapleg bilete av kvinners helseutfordringar og løysingar, seier senterkoordinator ved Driv, Nina Grytten Torkildsen.

Konferansen vart avrunda med ein paneldebatt om korleis kvinnehelseforskning kan implementerast betre i klinisk praksis – i lys av funna i «NOU 2025:3 Den store forskjellen».

En gruppe mennesker som sitter i et rom med en scene og en stor skjerm

Foto: Eivind Senneset

Konferansen var avrunda med ein paneldebatt.

Panelet, leia av Berit Angelskår, samla representantar frå forskingsmiljø, helsetenesta og kvinneorganisasjonar – blant dei Elisabeth Swärd (Norske Kvinners Sanitetsforening), Kjerstin Fyllingen (Haraldsplass Diakonale Sykehus), Yngvild Skåtun Hannestad (Legeforeininga), Bjarne Hansen (UiB) og Torgeir Hoff Skavøy (Norsk foreining for allmennmedisin).

Samla sett viste konferansen at kvinnehelse er eit fagfelt med stor fagleg breidde og høg relevans, og at miljøa knytt til Driv står sentralt i utviklinga av ny kunnskap og løysingar som kan gjere ein reell forskjell for kvinners helse.