No kan du søkje om midlar til HUS idéutvikling
HUS idéutvikling gir klinikarar og andre tilsette moglegheit til å utforske potensialet i idear som oppstår i klinikkane. Ordninga skal bidra til at nye og innovative løysingar kan testast ut tidlegare og raskare, og på sikt kome både pasientar og tilsette til gode. No er årets midlar lyst ut.

Stor respons i første runde
Fjorårets pilotutlysing resulterte i 28 søknader. Tolv av desse fekk presentere prosjektideen sin for ein ekstern komité med innovasjonsfagleg kompetanse, og ti prosjekt fekk tildelt støtte. Blant dei som fekk støtte i fjor, var Emilie Sektnan Nordby og Guttorm Brattebø.
Digital støtte for kvinner med PMDD
Nordby leier prosjektet som utviklar digitale verktøy for kvinner med PMDD. Prosjektgruppa har gjennomført ei landsdekkjande undersøking med rundt 150 deltakarar for å kartleggje behov og preferansar.

– Vi har utvikla konsept, innhald og ein klikkbar prototype til ein app som kan støtte kvinner med PMDD. Prosessen har skjedd i tett samarbeid med brukarar, og med fagleg bistand frå Bouvet, fortel Nordby.
Prosjektet er no teke opp i porteføljen til VIS, som bistår med søknader og vurdering av moglegheiter for kommersialisering.
– Har du ein god idé, er dette ei kjempegod moglegheit til å kome i gang. Eg vil anbefale alle som har tankar om prosjekt som kan betre kvardagen for pasientar eller tilsette, til å søkje, seier ho.
Utviklar prototype for oksygenanriket luft
Guttorm Brattebø leier prosjektet «Eining for produksjon av oksygenanriket luft». Han skildrar støtta frå HUS idéutvikling som avgjerande:
– Midlane gjorde at vi kom skikkeleg i gang og fekk ekspertar til å vurdere ideen. Det einaste du risikerer, er eit avslag – og det er du garantert å få viss du ikkje søkjer.

– VIS-miljøet er både hyggeleg og svært kompetent. Vi held framleis på å byggje første prototype, noko som viste seg å vere meir komplisert enn vi trudde. Det er tusenvis av små detaljar som må på plass, så det gjeld å halde ut og ikkje gje seg, seier Brattebø.
Oppmodar til å søkje
– I fjor fekk vi inn eit imponerande tilfang av idear frå heile føretaket. Det viser eit stort engasjement for å skape betre løysingar for pasientar og tilsette, seier Magnus Holtermann, som har vore med på å organisere HUS idéutvikling.
Søknadsportalen eSøknad skal brukast for innsending av søknader.