Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Ny studie skal teste behandling med nesespray mot Parkinsons sjukdom

Forskarar ved Haukeland universitetssjukehus og Karolinska Institutet går saman om å teste ei heilt ny og lovande behandling for Parkinsons sjukdom. Behandlinga, som blir gitt gjennom nasen, brukar små vesikler frå stamceller for å dempe betennelse i hjernen og kan på sikt bidra til å bremse sjukdomen.

Publisert 10.03.2026
En gruppe menn i dress

Foto: UiO/ Jarli&Jordan

REVIVE-PD er eitt av tre nordiske prosjekt som har fått 16 millionar kroner kvar frå Olav Thon-stiftinga til medisinsk forsking dei neste fire åra. Stiftinga prioriterer forsking på sjukdommar som Parkinson og Alzheimer, som rammar stadig fleire.

Ei ny veg inn til hjernen

Parkinson er den nevrodegenerative sjukdomen som veks raskast i verda, og dagens behandlingar handlar først og fremst om å lindre symptom – ikkje om å påverke sjølve sjukdomsutviklinga. Forsking har vist lovande resultat med eksosom frå stamceller. Utfordringa har vore å levere dei trygt og effektivt til hjernen hos menneske. Det er dette REVIVE-PD no skal undersøkje.

Prosjektet skal teste ei ny regenerativ behandlingsmetode som består av eksosom, små biologiske pakkar kroppen brukar til å sende signal mellom celler. I dette tilfellet kjem eksosoma frå mesenkymale stamceller.

Gjennom nasen har desse eksosoma potensial til å nå hjernen direkte, utan kirurgi eller andre invasive prosedyrar. Håpet er at dei kan redusere betennelse i hjernen, dempe skadegjerande oksidativt stress og bidra til overleving og reparasjon av nervecellene.

Alt dette er prosessar som er forstyrra ved Parkinsons sjukdom.

Første studie på menneske

Studien er ein såkalla «first-in-human» fase I/II-studie. Det betyr at forskarane for første gong testar denne typen behandling på menneske – i dette tilfellet personar med Parkinsons sjukdom. Studien er randomisert, der deltakarane blir fordelte tilfeldig i ulike grupper. Ho er òg placebokontrollert, som betyr at nokre får ei inaktiv behandling slik at forskarane kan samanlikne gruppene og sjå om behandlinga faktisk verkar.

Forskarteamet blir leia av professor Charalampos Tzoulis og Dr. Christopher Einan Kvistad ved Neuro-SysMed og Haukeland, samt professorane Maja Jagodic og Fredrik Piehl ved Karolinska Institutet. Det utprøvande legemiddelet blir levert av ExoXpert, som i dag er det einaste selskapet som lagar GMP-godkjende eksosom frå navlestrengstamceller.

Mot større studiar

Dersom prosjektet kan vise at behandlinga er trygg, blir godt tolerert og faktisk finn vegen inn i hjernen, vil det opne døra for større studiar. På sikt håpar forskarane at slike ikkje-invasive, regenerative behandlingar kan bli eit nytt verkty for å bremse nevrodegenerative sjukdommar som Parkinsons.