Protonterapi kaprar prestisjefylte Toppforsk-midlar
Protonterapi er ei av dei mest avanserte formene for strålebehandling av kreft. No har eit nytt forskingsprosjekt fått støtte for å gjere behandlingsmetoden endå meir presis.

Auke presisjon
Professor Kristian Smeland Ytre-Hauge ved Institutt for fysikk og teknologi, Universitetet i Bergen, leier prosjektet BioPrecise Protons. Målet er å auke presisjonen i protonterapi og dermed skåne meir friskt vev.
Sjølv om protonterapi allereie er ei effektiv behandlingsform, er det stort potensial for vidare utvikling av metodar som kan forbetre treffsikkerheita ytterlegare.
Prosjektet har mottatt 40 millionar kroner frå Forskingsrådet sitt Toppforsk-program – ei strategisk satsing som skal bidra til å støtte og byggje opp framifrå forskingsmiljø ved norske universitet, og som føreset samarbeid mellom leiande forskarar på feltet.
Viktig samarbeid
Prosjektet er eit samarbeid mellom Universitetet i Bergen, Helse Bergen/Haukeland universitetssjukehus, Høgskulen på Vestlandet og Oslo universitetssjukehus, med professor Kristian Smeland Ytre-Hauge (UiB) i spissen, saman med med-prosjektleiarane Camilla Hanquist Stokkevåg (Helse Bergen), Ilker Meric (HVL) og Eirik Malinen (OUS).