Internasjonalt samarbeid skal styrkje protonforsking
Forskarar og klinikarar frå Haukeland universitetssjukehus, Oslo universitetssjukehus og Ohio State University møttest nyleg i Bergen til eit todagars seminar med eit tydeleg mål: å løfte samarbeidet innan protonterapi til eit nytt nivå. Under leiing av Oddbjørn Straume, Sigbjørn Smeland og Arnab Chakravarti la deltakarane grunnlaget for eit meir forpliktande og ambisiøst forskingssamarbeid mellom dei tre institusjonane.

Frå klinisk samarbeid til felles forsking
Samarbeidet byggjer på fleire år med tett klinisk kontakt innan medisinsk fysikk og protonterapi. No ønskjer partane å knyte saman kliniske erfaringar, forskingsinfrastruktur og komplementær kompetanse for å utvikle ny kunnskap som kan kome kreftpasientar til gode.
– Vi har allereie etablert eit godt klinisk samarbeid. No er tida inne for å vidareutvikle dette til eit sterkare forskingssamarbeid, der vi kan nytte kvarandre sine styrkar og saman byggje internasjonale prosjekt, seier arrangørane.

Foto: Marcin Sikora
Ein felles ambisjon
Seminaret samla fagpersonar frå alle dei tre institusjonane rundt tema som kliniske studiar, preklinisk protonforsking, biologiske effektar av strålebehandling, kunstig intelligens og kvalitetssikring.
Deltakarane presenterte erfaringar frå det første året med protonbehandling ved sentera i Bergen og Oslo, medan Ohio State University delte innsikt frå eit stort og veletablert protonmiljø med lang erfaring.
Eit sentralt tema var korleis infrastrukturen for preklinisk forsking kan styrkjast og samordnast på tvers av institusjonane.
Presentasjonar frå Bergen, Oslo og Ohio viste korleis forskarane arbeider med cellemodellar, organoidar og eksperimentelle studiar for å forstå dei biologiske effektane av protonstråling og identifisere nye behandlingsmoglegheiter.

Foto: Marcin Sikora
Frå laboratoriet til klinikken
Programmet løfta også fram ei rekkje kliniske studiar innan mellom anna hjernekreft, sarkom, lungekreft, prostatakreft, kreft i spiserøyret, hovud- og halskreft og barnekreft. Målet er å dokumentere korleis protonterapi kan bidra til betre behandlingseffekt og færre biverknader for ulike pasientgrupper.
Kunstig intelligens var eit anna sentralt tema på agendaen. Forskarar frå alle dei tre miljøa presenterte prosjekt innan maskinlæring, digital patologi og analyse av medisinske bilete, område som er venta å spele ei stadig viktigare rolle i framtidas kreftbehandling.
«Let's get started»
«Let's get started» vart trekt fram som møtet sitt uoffisielle slagord. Ambisjonen er at auka kjennskap til kvarandre sin kompetanse, kombinert med tilgang til ein unik og komplementær forskingsinfrastruktur, skal leggje grunnlaget for nye felles forskingsprosjekt i åra som kjem.
Med Bergen, Oslo og Ohio på same lag er grunnlaget lagt for forsking som kan bidra til betre, meir presis og meir skreddarsydd kreftbehandling for framtidas pasientar.