Rimeleg MS-behandling kan endre internasjonal praksis
Ei stor norsk studie viser at eit rimelegare legemiddel for behandling av multippel sklerose (MS) gir minst like god effekt som eitt av dei mest brukte og kostbare alternativa i dag. Funna kan få stor betydning for pasientbehandling både i Noreg og internasjonalt.

OVERLORD-MS-studien, leia frå Haukeland universitetssjukehus og Universitetet i Bergen, har samanlikna rituksimab – eit eldre og mykje billegare legemiddel – med okrelizumab, som i dag er blant dei mest brukte MS-behandlingane. Studien inkluderte 216 pasientar ved 12 sjukehus i Noreg og Sverige og følgde dei i to og eit halvt år.
Resultata viser at rituksimab gir minst like god effekt som okrelizumab hos nydiagnostiserte pasientar med attakkprega MS. Dette kan gi tusenvis av pasientar raskare tilgang til høgeffektiv behandling tidleg i sjukdomsforløpet, samstundes som helsevesenet sparer store kostnader. I Noreg åleine er besparinga anslått til rundt 0,5 milliardar kroner per år.
– Dette er eit godt døme på korleis offentleg finansiert forsking kan gi betre pasientbehandling og meir berekraftig ressursbruk, seier overlege Øivind Torkildsen ved Nevroklinikken på Haukeland universitetssjukehus.
– Funna våre viser at rimelegare behandling kan vere like effektiv som dei dyraste alternativa – og det kan endre praksis internasjonalt. Vi håpar dette vil bidra til at fleire pasientar får tidleg tilgang til den beste behandlinga, seier han.
Studien har fått stor internasjonal merksemd og posisjonerer Noreg som ein leiande forskingsnasjon innan nevrologi og kliniske studiar. Resultata vart nyleg presenterte på eit internasjonalt symposium på Solstrand, arrangert av forskingssenteret Neuro-SysMed.