Forskingsadministrativt nettverksmøte Helse Vest
Samarbeider for å styrke helseforskinga i Helse Vest
Forskingsadministrative diskusjonar og erfaringsutveksling sto på dagsorden då forskingsadministrativt nettverksmøte vart arrangert onsdag 10. september i Haugesund.

Foto: Evelyn Myrå Holmøy
Representantar frå alle forskingsavdelingane ved helseføretaka i Helse Vest møtest to gonger i året for å dele erfaringar og diskutere utfordringar.
Kliniske studiar
Denne gongen var det overordna temaet kliniske studiar. Diskusjonane dreidde seg om korleis ein kan lukkast med fleire desentraliserte studiar, auke talet på pasientar som blir inkluderte i kliniske studiar, og kva behov det er til forskingsstøtte i regionen.
Rapport om regional forskingsstøtte for kliniske studiar vart også presentert i korte trekk. Arbeidet med å auke talet på deltakarar i kliniske studiar i regionen vart trekt fram. Du kan lese rapporten om regional forskingsstøtte for 2024 her:
Rapport: Regional forskningsstøtte kliniske studiar 2024
Nettverksmøter kvart halvår
Forskingsadministrativt nettverksmøte blir arrangert to gonger i året. Denne gongen var møtet i Haugesund. Møtet våren 2026 blir i Bergen.