Viktige forskingsfunn og verdifull erfaring for medisinstudentar
Då ein ny studie frå Haukeland universitetssjukehus og Universitetet i Bergen vart publisert i det anerkjende tidsskriftet Clinical Chemistry, hadde medisinstudentane Risha Chowdhury og Anna Stylianou Lerpold ei sentral rolle i forskingsarbeidet. Saman med forskarar ved Laboratorieklinikken har dei bidrege til ny kunnskap med internasjonal relevans om biomarkørar som blir brukte ved utgreiing av hormonelle årsaker til høgt blodtrykk.

Fekk ansvar i eit internasjonalt forskingsprosjekt
Kristin Moberg Aakre, overlege ved Avdeling for medisinsk biokjemi og farmakologi ved Haukeland universitetssjukehus, meiner innsatsen frå studentane har vore avgjerande for resultatet.
Aakre meiner innsatsen frå studentane har vore avgjerande for resultatet.
– Studentane har gjort ein imponerande jobb med både dataanalyse og artikkelskriving. Dei har vore ein svært verdifull ressurs for forskingsgruppa. I dette prosjektet har vi kunna analysere data som det kunne vore vanskeleg å prioritere tid til utan innsatsen deira, seier Aakre.
Ho meiner slike prosjekt er viktige både for forskinga og for den faglege utviklinga til studentane.
– For studentar er det verdifullt å få arbeide tett med etablerte fagmiljø og erfare korleis forsking faktisk går føre seg. Då får dei høve til å utvikle seg, ta ansvar og blomstre som framtidige forskarar og klinikarar, seier ho.
For Risha Chowdhury har erfaringa vore både lærerik og motiverande.
– Høvet til å vere med på dette prosjektet har gitt meg eit godt fagleg grunnlag vidare. Hovudoppgåva gir moglegheit til å utfordre seg sjølv og lære noko heilt nytt. Som student må ein ikkje vere redd for å prøve seg fram. Det kan opne dører og føre til moglegheiter ein ikkje hadde sett føre seg, seier ho.

Jakta på meir presise diagnosar
Studien handlar om biomarkørar som blir brukte for å greie ut sekundær hypertensjon, altså høgt blodtrykk som kjem av ein underliggjande sjukdom. Fleire hormonproduserande tilstandar kan føre til slik hypertensjon, og korrekt diagnostikk er avgjerande for å kunne tilby rett behandling.
Studien er publisert i det vitskaplege tidsskriftet Clinical Chemistry og kan lesast via denne lenkja: Biological Variation of Adrenal-Related Endocrine Biomarkers Used for Investigation of Secondary Hypertension | Clinical Chemistry | Oxford Academic
Forskarane undersøkte biologisk variasjon i fleire hormon og hormonrelaterte markørar som blir brukte i denne utgreiinga, mellom anna aldosteron, renin, ACTH og metanefrinar.
For å gjere dette samla forskarane inn vekentlege blodprøver frå 30 friske frivillige over ti veker. Prøvane vart analyserte med moderne laboratoriemetodar for å kartleggje kor mykje nivåa varierer både hos same person over tid og mellom ulike personar.
Viktig kunnskap for å tolke variasjon i prøveresultat og sikre analysekvalitet
Resultata viser at fleire av biomarkørane varierer betydeleg meir enn tidlegare antatt. Dette gjaldt særleg aldosteron, renin og forholdet mellom desse to hormona.
Kunnskap om slik biologisk variasjon er viktig fordi utviklinga ofte blir følgd gjennom laboratorieverdiar over tid. Dersom ein ikkje kjenner den naturlege variasjonen, kan det vere vanskeleg å avgjere om ei endring kjem av sjukdom eller normale svingingar.
– Dette er den første studien som har undersøkt fleire av desse biomarkørane samstundes under standardiserte forhold. Resultata gir eit betre grunnlag for å tolke målingar og følgje opp pasientar med mistanke om hormonelle årsaker til høgt blodtrykk, seier Aakre.
Forskarane peikar på at funna kan bidra til meir presise diagnostiske vurderingar og betre oppfølging av pasientar i framtida. Dei understrekar òg at denne typen data er viktig for laboratoria når dei skal fastsetje såkalla analytiske kvalitetsmål, det vil seie kor nøyaktig ein analysemetode må vere.