Utvikler ny diagnostikk
Det nye K.G. Jebsen-senteret for myeloid blodkreft skal utvikle diagnostikk på enkeltcellenivå som kan avsløre behandlingsrespons innan timar og dagar. Denne informasjonen skal deretter brukast til å justere eller erstatte den planlagde behandlinga for best mogleg effekt.
Behandling av leukemi har tidlegare bana veg for utviklinga av målretta behandling med cellegift i tablettform, samt avansert immunterapi og celleterapi. Senteret vil byggje vidare på desse erfaringane, og forskarane håpar at dei til slutt vil kunne levere ny diagnostikk og banebrytande behandlingar som kan gjere ein vesentleg skilnad for pasientar med kreft.
Senteret skal auke tilbodet til pasientar med leukemi om å delta i behandlingsstudiar, og vil arbeide for styrking av norsk og nordisk samarbeid om blodkreftforsking gjennom nye behandlingsstudiar.
Viktig samarbeid
Senteret har eit budsjett over fem år på 43 millionar kroner, der stiftinga K.G. Jebsen har tildelt 22,5 millionar kroner.
Det nye senteret er basert på eit samarbeid mellom sterke fagmiljø ved Haukeland universitetssjukehus og UiB, og representerer eit viktig spleiselag og samarbeid mellom institusjonane og stiftinga K.G. Jebsen.
Eit mål for senteret er å levere banebrytande diagnostikk og behandling, noko som set ein høg standard for arbeidet og gir lovande utsikter for kreftpasientar.
C-MYC ser det som ei viktig oppgåve å løfte arbeidet til det nye transplantasjonssenteret T-HUS, som blir opna ved Haukeland universitetssjukehus tidleg i 2025.