Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Nytt strategisk prosjekt skal revolusjonere behandlinga av Parkinsons sjukdom

Helse Vest har no markert oppstarten av HYDRA-prosjektet – eit banebrytande forskingsinitiativ som skal teste fleire mogelege behandlingar for Parkinsons sjukdom samtidig. Målet er å finne medisinar som faktisk kan bremse utviklinga av sjukdomen. Prosjektet får strategiske midlar frå Helse Vest og skal gi ny og viktig kunnskap dei neste fem åra.

Publisert 05.05.2025
En gruppe mennesker som poserer for et bilde
(f.v.) Renate Grüner (forskingsdirektør i Helse Vest), Anne Marie Haga, Irene Flønes, Charalampos Tzoulis og Geir Olve Skeie.

Tester fleire behandlingar parallelt

HYDRA blei valt ut av Helse Vest hausten 2024 og har fått finansiering for perioden 2025–2029. Det er eitt av åtte prosjekt som har fått støtte gjennom ordninga for strategiske satsingar.

Dette er ein såkalla plattformstudie med fleire armar og fasar (MAMS), der fleire behandlingar blir testa samtidig mot ei felles kontrollgruppe – i dette tilfellet placebo. Studiemodellen krev færre deltakarar, sparer tid og pengar, og gir likevel solide resultat.

MAMS-plattformar er fleksible – behandlingar utan effekt kan avsluttast tidleg, medan nye kan leggjast til undervegs.

– Dette er eit viktig steg mot meir effektiv utvikling av medisinar mot Parkinsons sjukdom. Eg er utruleg stolt av det vi får til saman, seier prosjektleiar Irene Flønes.

Prosjektet høyrer til forskingsgruppa DECODE-PD, og blir leia av Flønes og Geir Olve Skeie, i samarbeid med Charalampos Tzoulis.

– Det kom inn ein sterk søknad frå eit sterkt forskingsmiljø som ønskjer å etablere og vidareutvikle ein plattform for intervensjonsstudiar ved Parkinsons sjukdom. Studien har òg god regional forankring. Brukarrepresentantar skal delta både i styringsgruppa og i delprosjekta, sa Anne Marie Haga, fagleiar i Regionalt samarbeidsorgan i Helse Vest.

En lege og en pasient
Prosjektleiarane Irene Flønes og Geir Olve Skeie

Parkinsons sjukdom har inga brems – enno

Parkinsons sjukdom rammar over 10 000 nordmenn, men det finst enno inga behandling som kan bremse sjølve utviklinga. Dagens medisinar lindrar berre symptoma. Det vil HYDRA gjere noko med.

Studien skal følgje 800 deltakarar frå heile landet. Målet er å finne ut om tre utvalde legemiddel kan bremse sjukdomsprogresjonen. Deltakarane skal rekrutterast frå 12 senter i Noreg, og etter kvart òg frå utlandet. Rekrutteringa startar første kvartal 2026.

Banebrytande utforming

HYDRA er unik på grunn av den adaptive utforminga. Behandlingar som ikkje verkar, kan takast ut, medan dei som viser effekt, får auka fokus. Dette gir deltakarane større sjanse for å få ei behandling som faktisk verkar.

Forskarane skal òg undersøkje effekt på kognitive funksjonar, kvardagsliv, livskvalitet og belastning på pårørande. Dei vil òg sjå på biomarkørar og moglegheiter for meir persontilpassa behandling.

Strategiske satsingar

Prosjektet blei valt ut i fjor haust og får støtte for perioden 2025–2029. Totalt åtte prosjekt fekk midlar frå ordninga for strategiske satsingar denne perioden.

Helse Vest deler kvart fjerde år ut støtte til utvalde forskingsprosjekt. Denne gongen kunne ein søkje innan fire område:

  • Nye behandlingsmetodar

  • Bruk av kunstig intelligens og helsedata

  • Betre digitale helsetenester

  • Støtte til barn og unge med langvarige helseplager

Det kom inn 36 søknader. Ei ekspertgruppe vurderte desse ut frå kvalitet og nytteverdi. Dei åtte utvalde prosjekta skal òg bidra til betre helsetenester, meir samarbeid og ny kunnskap