Strategisk satsing

Strategisk satsing: Betre helsehjelp for barn med samansette plager

Denne veka markerte Helse Vest oppstarten av det nye strategiske prosjektet, "Felles innsats for barn med samansette helseplager". Prosjektet har som mål å forbetre helsetenestene for barn og unge med komplekse helseproblem. Prosjektet blir leia av professor i barne- og ungdomspsykiatri, Irene Bircow Elgen, ein erfaren forskar med brei klinisk og vitskapleg bakgrunn.

Publisert 28.03.2025
En gruppe kvinner som holder blomster
Prosjektleiar Irene Bircow Elgen, saman med leiarene for dei tre arbeidspakkane (f.v) Mette Engan, Ragnhild Lygre og Hege Kristiansen

Tidleg identifikasjon og heilskapleg behandling

Prosjektet vart valt ut av Helse Vest i fjor haust og har fått støtte for perioden 2025–2029. Totalt åtte prosjekt fekk tildelt midlar i potten for strategiske satsingar denne perioden.

— Dette prosjektet fokuserer på tidleg identifikasjon av barn med komplekse, samansette helseproblem for å førebyggje skulefrafall og sosial marginalisering. Målet er å få desse barna tilbake på sporet når det gjeld sosial integrasjon, skulegang og auka livskvalitet, sa prosjektleiaren, Irene Bircow Elgen.

Dette klinisk baserte prosjektet inneber samarbeid på tvers av Helse Vest for å utvikle berekraftige helsetenester for denne sårbare gruppa.

— Dette temaet var ikkje vanskeleg å prioritere opp, då det kan ha konsekvensar i mange år og påverke korleis vi følgjer opp pasientar, sa forskingsdirektør i Helse Vest, Renate Grühner.

Prosjektet introduserer ein tre-nivå helsemodell:

Første nivå: Konsultasjon med barnelege som bruker eit bio-psyko-sosialt verktøy for å identifisere barnet sine problem og ressursar.

Andre nivå: Tverrfagleg konsultasjon der barnet og foreldra møter ein barnelege, barnepsykolog og fysioterapeut for å lage ein behandlingsplan.

Tredje nivå: Inkludering i Livsmeistringsprogrammet, der pasienten og familien deltek for å lære livsmeistringsferdigheiter som blir implementerte i heimen.

Prosjektet ønskjer å etablere eit nasjonalt klinisk forskingsnettverk for å støtte implementeringa av evidensbaserte helsetenester. Dette nettverket vil bidra til å spreie kunnskap og erfaringar frå prosjektet og sikre berekraftige resultat.

En gruppe kvinner som poserer for et bilde
(f.v) Renate Grüner, Irene Bircow Elgen, Liv Kleve, Randi-Luise Møgster og Anne Marie Haga.

Betyding for helsetenesta

Prosjektet er forventa å ha stor betyding for helsetenesta ved å forbetre generell helse, velvære og funksjon hos barn og unge med komplekse helseproblem.

Ved å strukturere helsetenesta med ein trinnvis omsorgsmodell, vil ein kunne førebyggje langvarige sjukdomsforløp og unødvendige kostbare undersøkingar.

Auka kunnskap blant barnelegar vil forbetre tidleg identifikasjon og intervensjon på lågast mogleg helsenivå.

Regionalt samarbeid

Helse Vest har over åra etablert eit sterkt regionalt samarbeid mellom klinikarar og forskarar. Fleire helseforetak, inkludert Helse Førde, Helse Fonna, Helse Stavanger og Helse Bergen, bidreg med ekspertise og ressursar til prosjektet.

Samarbeidet inkluderer utvikling av utdanningsprogram for barnelegar, implementering av TpT-intervensjonen og evaluering av prosjektresultata.

— Vi må ha tverrfaglege team for å møte barn og løyse dette i fellesskap. Det er viktig å gå i takt og ha gode samarbeid mellom helseforetaka. Vi får til reisa i fellesskap, sa forskingsdirektøren.

Vegen vidare

— Vi ser fram til å følgje utviklinga av dette spanande prosjektet og dei positive endringane det vil bringe til helsetenesta, sa Anne Marie Haga, fagleiar i Regionalt samarbeidsorgan i Helse Vest.

En person som holder blomster
Prosjektleiar Irene Bircow Elgen er takksam for dei strategiske midlane som legg til rette for viktig forsking og utvikling

 

Prosjektet har allereie vist lovande resultat og er inkludert i nasjonale helseprognosar.

Den heilskaplege tilnæringa til pasientar med komplekse helseproblem kan også bli implementert i andre kliniske settingar, som for vaksne og eldre pasientar med kroniske sjukdomar.

Gjennom felles innsats og innovativ forsking ønskjer dette prosjektet å skape ei betre framtid for barn og unge med komplekse helseproblem.

Les meir om strategiske satsingar.