Ny klinisk plattformstudie skal akselerere utviklinga av behandlingar for Parkinsons sjukdom.
Parkinsons sjukdom er ein kronisk og invalidiserande hjernesjukdom som rammar meir enn 10 millionar mennesker globalt. Det finst inga behandling som kan bremse sjukdomsutviklinga, trass i meir enn 70 fullførte kliniske behandlingsstudiar på verdsbasis. Ein viktig grunn til dette er manglande kunnskap om korvidt behandlingar som blir prøvde faktisk når hjernen og påverkar dei biologiske prosessane dei er retta mot.
For å møte denne utfordringa etablerer forskarar frå Haukeland universitetssjukehus og Universitetet i Bergen no SLEIPNIR: ein innovativ klinisk plattformstudie utforma for å undersøkje om mogleg sjukdomsmodifiserande behandlingar for Parkinsons sjukdom når hjernen og utøver sin tiltenkte biologiske effekt.
SLEIPNIR er ein plattformstudie som består av fleire syklusar med kortvarige studiar der inntil tre ulike behandlingar blir testa samtidig mot ei enkelt narremedisin-gruppe (placebo). Basert på bevis frå målingar i blod, ryggmargsvæske og bilete av hjernen, vil behandlingar som når hjernen og påverkar sine tiltenkte biologiske prosessar, bli tilrådde for vidare utprøving av sjukdomsbremsande effekt.
Studiar som testar sjukdomsbremsande effekt er store og krev både tid og ressursar. SLEIPNIR er derfor venta å effektivisere jakta på ei bremsande behandling mot Parkinsons sjukdom ved å luke ut behandlingar som ikkje når hjernen.
Prosjektet har nyleg fått støtte frå Cure Parkinson’s, ein britisk veldedig organisasjon som arbeider for å finne ei kur mot Parkinsons sjukdom, samt frå Norges Parkinson Forskningsfond og Norges Parkinsonforbund. Arbeidet med å etablere plattforma og setje i gang den første behandlingssyklusen er godt i gang, og det er venta at rekruttering av deltakarar vil starte rundt årsskiftet 2025/2026.
- Cure Parkinson’s er forplikta til å akselerere testing og utvikling av behandlingar som har som mål å bremse utviklinga av Parkinsons sjukdom, og difor er vi svært glade for å kunne støtte SLEIPNIR-prosjektet. Kliniske plattformstudiar som SLEIPNIR er heilt nødvendige for å kunne bringe nye, potensielt sjukdomsmodifiserande behandlingar til menneske som lever med Parkinsons, seier Dr. Simon Stott, forskingsdirektør, Cure Parkinson’s