Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Stor suksess for MRCPs første årskonferanse i Bergen

Den første årskonferansen i regi av Mohn forskingssenter for psykoselidingar (MRCP) vart arrangert 4. juni på Radisson Blu Royal Hotel i Bergen – og vart ein stor suksess. Arrangementet samla over 60 deltakarar, med mål om å dele ny kunnskap og fremje samarbeid på tvers av fagfelt for å betre behandlinga av personar med psykoselidingar – ei pasientgruppe som ofte har komplekse helseutfordringar og betydeleg redusert levealder.

Publisert 06.06.2025
En gruppe mennesker som poserer for et bilde

Internasjonalt hovudføredrag

Konferansen vart opna med ei helsing frå direktør i Trond Mohn forskingsstifting, Nicholas Nunn, etterfølgd av eit velkomstinnlegg frå Erik Johnsen, leiar for MRCP, som viste til senteret sitt slagord: Alle snakkar om den dramatiske overdødelegheita ved psykoselidingar, men få gjer noko med det – dette vil vi endre.

– Det er inspirerande å sjå så mange engasjerte fagpersonar og brukarrøyster frå Psykoseforsking med Erfaringskompetanse (PEK) samla i same rom. Dette viser at vi er på rett veg med MRCPs tverrfaglege og pasientnære tilnærming, sa Erik Johnsen.

Hovudføredraget vart halde av professor Iris Sommer frå Universitetet i Groningen, som presenterte resultat frå HAMLETT-studien – ei banebrytande undersøking av nedtrapping av antipsykotisk medisinering versus vedlikehaldsbehandling ved førstegongspsykose.

Tekst
Iris Summer presenterte HAMLETT-studien.

– Gradvis nedtrapping av ein medisin er meint å gi mindre ubehag, abstinenssymptom og risiko for tilbakefall, ved å gi kroppen tid til å tilpasse seg avslutninga av behandlinga.

Iris Sommer, som òg er medlem av MRCPs vitskaplege rådgjevingsgruppe, delte innsikt frå over 25 års forsking på hjernen og psykoselidingar, og fekk engasjerte spørsmål og innspel frå deltakarane i salen.

Kliniske studiar og brukarerfaring

Den første sesjonen hadde kliniske intervensjonsstudiar og brukarmedverknad som hovudtema. Dette vart belyst gjennom fleire faglege innlegg som tok for seg ulike forskingsprosjekt innan psykisk helsevern.

Eit av innlegga omhandla STABIL-NOR-studien, som undersøker effekten av tilleggsbehandling med semaglutid hos personar med schizofrenispektrumlidingar. Presentasjonen vart halde av professor Rune A. Kroken, som gjorde greie for studien sin bakgrunn, målsetjing og korleis behandlinga vert gjennomført i praksis.

En gruppe mennesker som poserer for et bilde
(f.v) Nicholas Nunn, Bruno Etain, Erik Johnsen, Farivar Fathian, Anne Blindheim, Ingrid Melle, Vidar M. Steen og Iris Summer

NORPEPS-studien vart òg presentert. Denne studien ser på bruk av prednisolon som tilleggsbehandling ved tidleg psykose. Studien vart presentert av professor Erik Johnsen, som òg er senterleiar. Han skildra korleis studien er organisert, kva pasientgrupper som vert inkluderte, og kva metodar som vert nytta for å måle effekt.

Begge presentasjonane inngjekk i ein breiare diskusjon om korleis kliniske studiar kan bidra til å utvikle nye behandlingsformer, og korleis brukarmedverknad kan styrkje relevansen og kvaliteten i forskinga.

Eit viktig innslag var òg bidraget frå leiar for Psykoseforsking med Erfaringskompetanse (PEK), Anne Blindheim, som belyste korleis brukarmedverknad i forsking kan gå frå intensjon til praksis.

– Det er avgjerande at personar med eigenerfaring får ei reell stemme i forskinga. Det gir både betre prosjekt og meir relevante resultat.

Biologisk fenotyping og nye perspektiv

Etter lunsj gjekk konferansen over i ein meir biologisk orientert del, leia av professor Vidar M. Steen. Her vart det presentert ny forsking på genuttrykk, immunologiske mekanismar og affektiv labilitet ved psykoselidingar.

Blant bidragsytarane var seniorforskarane Anja Torsvik, Attila Szabo, Trine Vik Lagerberg og Margrethe Collier Høegh, som alle presenterte oppdateringar frå pågåande studiar med høg vitskapleg kvalitet og klinisk relevans.

Vegen vidare

Konferansen sine to plenumdiskusjonar fungerte som viktige arenaer for felles refleksjon og dialog, der deltakarane fekk høve til å utforske korleis biologiske funn, kliniske erfaringar og brukarrøyster kan sjåast i samanheng og integrerast på ein meiningsfull måte.

En gruppe mennesker som poserer for et bilde
Linn.J.Knusen og Nicholas Nunn frå TMF, Erik Johnsen og Farivar Fathian frå MRCP

Målet var å identifisere korleis desse ulike perspektiva kan berike kvarandre og bidra til utviklinga av meir heilskaplege, treffsikre og individtilpassa behandlingstilbod innan psykisk helsevern.

MRCPs første årskonferanse markerte starten på ein ny og viktig tradisjon for kunnskapsdeling, inspirasjon og fagleg samarbeid innan psykoseforsking og -behandling.

Forskarar, klinikarar og samarbeidspartnarar frå heile landet var samla for å dele erfaringar, løfte fram pågåande prosjekt og diskutere vegen vidare for feltet.