Innovasjon ved Haukeland universitetssjukehus
Innovasjon dreier seg om å utvikle og innføre nye og betre produkt og tenester, men også om forbetringar i verksemda i form av betre og meir kostnadseffektive prosessar, organisatoriske løysingar og pasientflyt.

Innovasjonsprosjekter
- Innovasjonspartnerskap om sterilforsyning på Haukeland
Helse Bergen HF er tildelt et innovasjonspartnerskap fra Innovasjon Norge for å utvikle en løsning som skal sikre identifisering og hvor kirurgiske enkeltinstrumenter befinner seg i sykehuset.
- SpecBase
Trygge prøvesvar med databasehandsaming av instrument- og analysedata.
- Personleg visuell profil for barn og unge i sjukehus
Kvart barn eller ungdom lagar eller tek med seg sin eigen avatar/figur som følgjer barnet eller ungdomen som ein raud tråd gjennom heile sjukehusopphaldet.
Kvinneklinikken har ambisjonar om å vere eit fyrtårn for kvinnehelse i Noreg. Forsking og innovasjon speler er ein viktig rolle, og KK har for tida to spanande innovasjonsprosjekt: FetoCalc og Gravidia

3D-printing
3D-printing er ein produksjonsmetode der ein lagar eit fysisk objekt basert på ei digital fil. Medisinsk-teknisk avdeling på Haukeland har brukt denne teknologien sidan 2015, og vi finn stadig nye bruksområde.
Sidan 3D-printing er godt eigna for å lage kompliserte former og kan produsere i ein rekkje forskjellige materiale, er det nesten ingen grenser for kva bruk ein kan sjå for seg innan helse.

Sist oppdatert 06.07.2023