Innovasjon ved Haukeland universitetssjukehus

Innovasjon dreier seg om å utvikle og innføre nye og betre produkt og tenester, men også om forbetringar i verksemda i form av betre og meir kostnadseffektive prosessar, organisatoriske løysingar og pasientflyt.

Helsepersonell på operasjonsstue. Foto

 

Endringar i befolkninga sitt sjukdomsbilde og demografi, utviklinga av nye behandlingsmetodar og medisinsk teknologi, eskalerande kostnadar, samt auka fokus på pasientsikkerheit og kvalitet, gjer at helse- og omsorgstenesta må utviklast og forbetrast kontinuerleg. Samtidig vil mangel på kvalifisert personell bli ein realitet. For å komme forventningar og utfordringar i møte må Haukeland Universitetssjukehus finne fram til nye, verksame arbeidsmetodar og rett bruk av kompetanse. 

​Haukeland universitetssjukehus har laga ein delplanen med tiltak for arbeidet med forsking og innovsjon i perioden 2023-2026, les meir.​​

Haukeland Universitetssjukehus er medeigar i Eitri, medisinsk helseinkubator. Her skal forskarar og gründerar arbeide saman for å utvikle nye helseinnovasjon. Les meir her: https://www.eitrilab.no/

VIS har ansvar for oppfølging og forvalting av immaterielle rettar (IPR) som blir skapt i Helse Bergen og  er føretaket sitt selskap for kommersialisering av resultat av forskingsaktiviteten eller av anna nyskapande og innovativ verksemd i føretaket. Seksjon for forsking og innovasjon er sjukehuset sitt kontaktpunkt mot VIS, og skal koordinere aktivitetar som VIS forvaltar på vegne av sjukehuset. 

Helse Bergen kan krevje rettar til alle oppfinningar med mogeleg kommersiell verdi som vert utvikla gjennom forsking og utvikling ved helseføretaket åleine eller i samarbeid med andre. Tilsette som er involvert i forsking og innovativ utvikling ved Helse Bergen, har plikt til å gje melding om idear med mogeleg kommersiell verdi til Helse Bergen.

Haukeland universitetssjukehus, Helse Bergen HF, er medeigar i VIS saman med Universitetet i Bergen, Høgskulen på Vestlandet, NHH, Havforskingsinstituttet og Siva.

Ta gjerne kontakt med Team innovasjon og forskning iHelse Bergen for meir informasjon: innovasjon@helse-bergen.no

Skikkelse

Kontakt VIS


Du kan kontakte oss her: innovasjon@helse-bergen.no

Me som arbeidar med innovasjon er tilknytt Seksjon for forsking- og innovasjon og skal koordinere og leie innovasjonsarbeidet ved Haukeland universitetssjukehus. Me skal vere fasilitatorar for innovasjonsaktiviteten. Arbeidet omfattar å utvikle innovasjonskultur, å tilby kvalifisert støtte, og innføre innovasjonsverktøy og prosedyrar som fremjar innovasjon. Slik skal gode idear kome til nytte for pasientar, tilsette og sjukehuset.

I arbeidet vårt med innovasjon på sjukehuset utviklar vi infrastruktur og ulike metodar for gjennomføring av innovasjonsprosjekt og -idear, og har mellom anna driftsansvaret for idemottaket.no. Me er ein del av føretaket sin stabsfunksjon og har både ei strategisk og operativ rolle. 

Vi støttar sjukehuset sine innovatørar på ulikt sett i innovasjonsprosessen med bl.a:

  • intern og ekstern finansiering til innovasjonsprosjekt/-tiltak
  • sikre føretaksforankring, avtalar og kontraktar og profilering av innovasjonsprosjekt/-tiltak 
  • å støtte evalueringar av innovasjonsprosjekt/-tiltak
  • opplæring  og bruk av verktøy knytt til innovasjonsprosessen, slik som idemottaket.no og innovative arbeidsmetodar
  • å sikre rettar og eigarskap, samt legge forholda til rette for kommersialisering saman med VIS der dette er aktuelt brukarmedverknad


Fem personar i korridor. Foto
 

Strategiar på innovasjonsområdet

Du kan lese meir om på kva områder vi skal satse på i Forskings- og innovasjonss​trategien vår 

Helse- og omsorgsdepartementet sin strategi HelseOmsorg21 er også grunnlag for Haukeland si satsi​ng på innovasjon.

Vi har som mål å bli betre på innovasjon, noko som kjem klart fram i Hau​keland universitetssjukehus sin forsking og utviklingsstrategi. 

​Har du ein idé?

Kontakt Idémottaket

Vi vil gjerne at du sender oss din idé for korleis Haukeland kan bli eit betre sjukehus!

Alle idéar blir raskt vurdert av oss. Me kjenner dei rette personane og har eit stort nettverk for å få idéane gjennomført.  Om du ikkje ynskjer at ideen din skal leggast synleg i portalen for andre brukarar, kontakt oss, så vil me hjelpe deg.


Lovar og reglar

Lov om arbeidstakaroppfinningar

Meir om endringane i loven

Om publiseringsrett

Innovasjonsprosjekt

Innovasjonsprosjekter

    Innovasjonsprosjekt på Kvinneklinikken

    Kvinneklinikken har ambisjonar om å vere eit fyrtårn for kvinnehelse i Noreg. Forsking og innovasjon speler er ein viktig rolle, og KK har for tida to spanande innovasjonsprosjekt: FetoCalc og Gravidia
    Les meir om innovasjonsprosjekta på KK
    Gravid kvinne med smarttelefon. Foto

    3D-printing

    3D-printing er ein produksjonsmetode der ein lagar eit fysisk objekt basert på ei digital fil. Medisinsk-teknisk avdeling på Haukeland har brukt denne teknologien sidan 2015, og vi finn stadig nye bruksområde. Sidan 3D-printing er godt eigna for å lage kompliserte former og kan produsere i ein rekkje forskjellige materiale, er det nesten ingen grenser for kva bruk ein kan sjå for seg innan helse.
    Les meir om 3D-printing i sjukehuset
    3D-modell av underkjeve. Foto
    Sist oppdatert 17.04.2024