Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Ei «gruveferd» for å forstå og betre pasientforløp

Korleis kan me få betre kunnskap om pasientane og deira forløp i sjukehuset, og i kva grad blir dei standardiserte pasientforløpa i sjukehuset faktisk etterlevd?

Diagram

Dette er eit innovasjonsprosjekt ved Haukeland universitetssjukehus. Tiltaket er ikkje ein del av det ordinære behandlingstilbodet ved sjukehuset. Prosjektet fekk midlar i 2017.  Last ned einsider (pdf).

Utfordringa

Prosjektet ynskjer å «grave» i to ulike problemstillingar:
1. Få kunnskap om dagens storbrukarar og deira forløp innan psykisk helsevern.
2. Avdekke om revidert forløp for sepsis (blodforgifting) blir etterlevd.

Løysinga

«Process mining» er ein teknikk som gjer det mogeleg å analysere prosessar basert på hendingsloggar. Algoritmar og visuelle framsyningar blir brukt for å avdekke trendar, mønster og detaljar som ein finn i
hendingsloggar registrert i eit informasjonssystem. «Process mining»

Nytte

  •  «Process mining» gjer det mogeleg å gjennomføre fleire pasientforløpsprosjekt
    med mindre ressursbruk.
  •  «Process mining» gjer det mogeleg – på ein enkel og ressurseffektiv
    måte – å følgje med på om standardiserte pasientforløp
    blir etterlevd, så lenge hendelser blir registrert på ein strukturert
    måte.
  • Tidleg identifisering av potensielle storbrukarar gjer det mogeleg
    å setje inn ein målretta innsats, for å oppnå eit høgare funksjonsnivå
    for pasientane.

Fakta om prosjektet

Finansiering

Tildelt kr 325.000,- av Helse Vest RHF
innovasjonsmidlar
2017.

Samarbeid

Prosjektet blir gjennomført i samarbeid
med institutt for data‐ og realfag på
Høgskulen på Vestlandet.

Kontakt

Magnus Alvestad, rådgjevar,
Seksjon for helsetenesteutvikling,
Forskings- og utviklingsavdelinga,
Haukeland universitetssjukehus.
Telefon: 55 97 32 35

E-post: magnus.alvestad@helse-bergen.no

  
  

Har du ein god idé?

lyspærer i papirfly på vei til idemottaket
Klikk for å sende idéer til idémottaket


Sist oppdatert 26.04.2018