Fysisk aktivitet og sunne levevaner for barn og unge med psykiske lidingar
Barn og unge med psykiske lidingar har store vanskar med å oppretthalde Helsedirektoratet sine anbefalingar for fysisk helse. Dårleg fysisk helse og uheldig livsstil gjer ei kortare forventa levetid og auka risiko for livsstilssjukdommar, i tillegg til deira underliggande psykiske tilstand.
Dette er eit innovasjonsprosjekt ved Haukeland universitetssjukehus. Tiltaket er ikkje ein del av det ordinære behandlingstilbodet ved sjukehuset. Prosjektet fekk midlar i 2017 frå Helse Bergen. Last ned pdf.
Nytte
Vi har god dokumentasjon på at regelmessig fysisk aktivitet verker både som ein førebyggings- og ein behandlingsstrategi ved enkelte former for psykiske lidingar og problem. Vi ynskjer å implementere fysisk
akvitet og livsstilssendring som ein del av behandling og utgreiing av barn og unge med psykiske lidingar/diagnosar.
Barn og unge = bevegelse
Ein vil gje gruppebasert og individuelt tilpassa fysisk opplegg. Tilbodet skal utføres av ei tverrfagleg ressursgruppe.
Samhandling
Samhandling på tvers av klinikkar (psykiatri, somatikk, habiliteringstenesta). Det nyoppretta Energisenteret for barn og unge vil være sentrum for behandlinga av unge pasientar med fysiske og psykiske helseproblem.
Fakta om prosjektet
Har du ein god idé?