Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
Skikkelse

HUS idéutvikling

HUS idéutvikling skal gi klinikarar og tilsette moglegheit til å utforske potensialet i idear som har oppstått i klinikkane. Dette gjer det mogleg å teste og utvikle nye og innovative behandlingsmetodar raskare – noko som kan gi deg som pasient tidlegare tilgang til dei nyaste og mest effektive behandlingane.

Haukeland universitetssjukehus vedtok i 2023 ein ny delplan for forsking og innovasjon. I 2024 blei det strategiske forskingsprogrammet oppdatert for å støtte opp under delplanen, inkludert eit nytt verkemiddel for innovasjon: såkornsmidlar for forskingsbasert innovasjon. Målet er å byggje ein kultur for innovasjon og fange opp og vidareutvikle forskingsbaserte innovasjonsidear frå sjukehuset.

Målsetjing:

  • Gi tidlegfase-finansiering til idear som ikkje kvalifiserer for støtte frå andre kjelder.
  • Auke talet på idear frå heile føretaket.
  • Gi profesjonell rådgiving og støtte til idear frå føretaket.

Programskildring:


Utlysing og tildeling: Midlane blir lyst ut i april 2025, med søknadsfrist 10.juni. Målet er å støtte om lag 8 prosjekt innanfor ramma i 2025.

Støttenivå:Prosjekta i piloten vil få støtte mellom 100 000 og 250 000 kroner, med ei totalramme på om lag 1,5 millionar kroner.

Prosjektperiode:Prosjektperioden er på seks månader, med krav om midtveisrapport og sluttrapport ved avslutning.

Profesjonell rådgiving:Alle prosjekt med kommersielt potensial får profesjonell rådgiving frå VIS, inntil 5 timar.


Utlysing av midlar vil skje i slutten av april 2025, med tildeling i løpet av juni. Søknader vil bli vurderte av ein eigen komité samansett av personar med kjennskap til sjukehuset og innovasjonsfagleg kompetanse. Søknad skal sendast inn via søknadsportalen eSøknad.

 

Sist oppdatert 14.05.2025