Implementering av kronoterapi

Årleg behandlar Avdeling for stemningslidingar rundt 150 pasientar med manisk episode. Frå 2017 starta  behandlinga med virtuelt mørke ved hjelp av blåblokkerande briller for pasientar med mani.

En hånd som holder et par briller
Implementering av kronoterapi

​Dette er eit innovasjonsprosjekt ved Haukeland universitetssjukehus som fekk sist midlar i 2018. Tiltaket er ikkje ein del av det ordinære behandlingstilbodet ved sjukehuset.  Last ned einsidar i pdf.

Løysinga

Vi ønskjer å utvide det kronoterapeutiske  behandlingstilbodet til også å omfatte virtuelt mørkerom/spektrumkontrollerte rom. Dette vil gjere det mogleg å gjennomføre behandling med virtuelt mørke for pasientar som på grunn av sjukdomen ikkje kan ta i bruk blåblokkerande briller. 
 

Nytte

Behandling med virtuelt mørke kan være eit supplement eller eit alternativ til medikamentell og anna tradisjonell behandling. Behandlinga kan forkorte lengda av innlegging i sjukehus og
redusere behovet for anna behandling. Ut frå eit pasientperspektiv er dette særleg positivt. Lågare belegg og færre liggedøger frigjer ressursar slik at  fleire pasientar kjem raskare til behandling

Fakta om prosjektet

​Finansiering

Tildelt kr. 700 000,- i innovasjonsmidlar frå Helse Vest 2018.

Samarbeidspartnarar

Valen sjukehus , Helse Fonna HF.

Kontakt

Asle Gramstad, koordinator i kronoterapi, vernepleier, kst assisterende seksjonsleiar, Avdeling for stemningslidingar, Psykiatrisk klinikk, Haukeland universitetssjukehus.
e-post: asle.gramstad@helse-bergen.no



Har du ein god idé?

 

lyspærer i papirfly på vei til idemottaket
Klikk for å sende idéer til idémottaket

Sist oppdatert 01.09.2021